Rogaland er eit fylke i Noreg. Fylket grensar til Vestland i nord og Agder i aust. Det har òg ei kort grense mot Telemark i nordaust.
Fylket har 23 kommunar. Dei største byane er Stavanger, Sandnes og Haugesund.
Rogaland er eit fylke i Noreg. Fylket grensar til Vestland i nord og Agder i aust. Det har òg ei kort grense mot Telemark i nordaust.
Fylket har 23 kommunar. Dei største byane er Stavanger, Sandnes og Haugesund.
Rogaland fylkeskommune styrer lokale oppgåver som vidaregåande skular, kollektivtransport og kultur.
Fylkeshuset ligg i Stavanger. Fylkesordføraren er den øvste folkevalde leiaren i fylkeskommunen. Høgre vart det største politiske partiet i Rogaland under kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2023.
Det største sjukehuset i Rogaland er Stavanger universitetssjukehus, som har avdelingar fleire stader i fylket.
Mange menneske i fylket arbeider i oljeindustrien, helse, utdanning og handel. Rogaland er eit viktig område for mykje av den norske olje- og gassindustrien i Nordsjøen.
Frå 1970-talet og utover voks Stavanger fram som den viktigaste byen for oljeindustrien i Noreg.
Stavanger er den største byen i Rogaland. Dei gamle sjøhusa i Vågen vart bygde på 1800-talet. Bak sjøhusa står Valbergtårnet, bygd rundt 1850. Det vart brukt som vakttårn fram til 1922.
Rundt ni prosent av befolkninga i Noreg bur i Rogaland. Nesten 90 prosent av innbyggarane i fylket bur i byar og tettstader. Busetnaden i Stavanger, som også strekkjer seg ut i grannekommunane Sandnes, Sola og Randaberg, er Noregs tredje største tettstad (by).
Nesten 80 prosent av elevane i grunnskulen har bokmål som hovudspråk, 20 prosent har nynorsk. Det er 25 vidaregåande skular i Rogaland. I tillegg finst det fleire folkehøgskular og private skular. Universitetet i Stavanger opna 1. januar 2005.
Preikestolen, Kjerag og Lysefjorden er populære reisemål for turistar som besøkjer fylket.
Rogaland har ein lang kyst mot Nordsjøen i sør og vest. Ved kysten er det mange strender, klipper, øyar og fjordar. Rogaland er Noregs nest minste fylke.
Det er òg skog, fjell, innsjøar, elvar, fossar og mange område med jordbruk i fylket.
I skogane lever mellom anna elg, hjort, rådyr, hare og rev. Ved kysten er det mange sjøfuglar, og i havet er det fleire kvalartar.
Rogaland har eit variert klima med milde vintrar og somrar. Langs kysten er det mykje vind og regn, om vinteren er det lite snø. Lenger inn i landet og i fjella er det eit kaldare klima. Det er mange vasskraftverk i fylket som lagar fornybar energi.
Rogaland fylke heitte Stavanger amt fram til 1919.
Fylkesvåpenet er eit skjold med ein kross mot ein blå bakgrunn. Det er ein steinkross frå 1028 som blei reist til minne om Erling Skjalgsson.