Hopp til innhald

Bletchley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bletchley
by
Queensway, den største handlegata i Bletchley.
Foto: Tom walker
Land  England
Region Buckinghamshire
Distrikt Milton Keynes
Folketal 37 520 (2011)
Postnummer MK1-3
Retningsnummer 01908
Kart
Bletchley
51°59′38″N 0°43′55″W / 51.994°N 0.732°W / 51.994; -0.732
Wikimedia Commons: Bletchley

Bletchley er ein by som ligg i Milton Keynes i England. Fram til 1995 var han ein del av Buckinghamshire, men det året vart Milton Keynes ei sameint styresmakt, og dermed vart Bletchley ein by innanfor ein større by. Han låg opphavleg sør for sjølve Milton Keynes, men dei to byane har no vakse saman.

Namnet er av angelsaksisk opphav, og tyder «Blæccas skog». Den eldste kjende notering om byen er frå 1100-talet, då det vart skrive Blechelai.

Bletchley ligg ved den romerske vegen Watling Street, som i dette området enno har det gamle namnet sitt. I viktoriansk tid var byen ein viktig endestasjon på jarnbana, noko som førte til stor vekst. Han er òg forbunde med Midlands gjennom Grand Union-kanalen.

Landsbyane Water Eaton og Fenny Stratford har vorte innlema i Bletchley.

Byen er mest kjend for Bletchley Park, staden der britiske kryoptoanalytikarar mellom anna knekte den tyske Enigma-koden under andre verdskrigen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Bletchley