Hopp til innhald

Dysuri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dysuri
Medisinsk namnDysuria
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:788.1
ICD-10-kode:R30..0
DiseasesDB18003
MeSHD053159
MeSHD053159

Dysuri (frå gresk dys-, ‘dårleg’, og ouron, ‘urin’) er ein medisinsk tilstand som inneber sviee, ubehag eller smerte i samband med urinering. Dette er som oftast eit symptom på urinvegsinfeksjon eller nyrebekkenbetennelse.[1] Psykogen dysuri kan til dømes førekoma ved somatoform autonom dysfunksjon.

Dysuri er eit typisk symptom ved infeksjon i urinblære eller urinrøyr. Kvinner kan også oppleva smerte ved vasslating i samband med infeksjonar i underlivet. Menn kan oppleva smerte i samband med betennelse i prostata, prostatitt. Andre blæretilstandar og stein i nedre del av urinleiaren kan også medføra dysuri.[2]

  1. ↑ «Svensk MeSH», mesh.kib.ki.se, henta 2020-06-18
  2. ↑ Tveter, Kjell (2018-04-20). «dysuri». Store medisinske leksikon (på bokmål).