Hopp til innhald

Kranj

46°14′37″N 14°21′21″E / 46.24361°N 14.35583°E / 46.24361; 14.35583

Kranj
Krainburg
kommune
Utsyn mot Kranj
Land  Slovenia
Statistisk region Gorenjska
Høgd 350–406 m
Areal 151,0 km²
Folketal 57 384 (2025[1])
Postnummer 4000
Retningsnummer (+386) 04
Bilnummer KR
Kart
Kranj
46°14′20″N 14°21′20″E / 46.23887°N 14.35561°E / 46.23887; 14.35561
Kommunen Kranj innanfor Slovenia
Kommunen Kranj innanfor Slovenia
Kommunen Kranj innanfor Slovenia
Wikimedia Commons: Kranj
Nettstad: https://www.kranj.si

Kranj (tysk Krainburg) er ein by og ein bykommune i den statistiske regionen Gorenjska i Slovenia.

Kranj er den tredje største kommunen og den fjerde største byen i Slovenia med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 20 km nordvest for Ljubljana. Han er eit senter i Kranjska, nordvest i Slovenia, og er hovudsakleg ein industriby med industriar som elektronikk og gummi. Den historiske regionen Kranjska er kalla opp etter byen, som var hovudstad i denne regionen tidleg i mellomalderen.

Byen er òg kjend for idrettsanlegga, mellom anna fotball, tennis og basketball, og det største symjeanlegget i landet, der mellom anna europameisterskapen i vasspolo vart halde i 2003.

Sentrum i byen består av ein godt bevart gamleby frå mellomalderen. Dette området ligg mellom elvane Kokra og Sava.

Kranj i 2007.

Folketalet i dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:[a]

Folketal 2002[2]Folketal 2011[1]Folketal 2021[1]
Kranj35 58736 87438 024
Britof1 6571 9082 106
Kokrica1 5951 6461 661
Zgornje Bitnje1 2281 4801 602
Mlaka pri Kranju1 5021 5661 590
Golnik1 0261 0631 153
Hrastje[b]1 0401 0511 055
Kommunen Kranj [c]51 225 55 029 57 185
  1. Folketeljingane i 2011 og 2021 er gjennomførte som registerbaserte teljingar.
  2. Fram til 2002 ein del av kommunen Šenčur.[3]
  3. Ikkje medrekna busetnaden Hrastje, som fram til 2002 var ein del av kommunen Šenčur.[3]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kranj

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 3 «Population by sex and by age, municipalities and settlements, Slovenia, annually». Statistični urad Republike Slovenije (SURS) (Republikken Slovenias statistiske kontor). Henta 1. september 2025. {{cite web}}: Italic or bold markup not allowed in: |utgjevar= (hjelp)
  2. «Population, settlements, Slovenia, census 2002». Statistični urad Republike Slovenije (SURS) (Republikken Slovenias statistiske kontor). Henta 1. september 2025. {{cite web}}: Italic or bold markup not allowed in: |utgjevar= (hjelp)
  3. 1 2 «Zakon o spremembah in dopolnitvah zakona o ustanovitvi občin ter o določitvi njihovih območij (ZUODNO-D), stran 5265. (Lov om endringar i og tillegg til lov om oppretting av kommuner og fastsetjing av deira område (ZUODNO-D), side 5265.)». Glasilo Uradni list RS (Offisielt lysingsblad for Slovenia) 52/2002. 14. juni 2002. Henta 10. september 2025.