Hopp til innhald

Mayday

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mayday-sending mellom MV «Summit Venture» og den amerikanske kystvakta etter at skipet kolliderte med Sunshine Skyway Bridge i 1980.

Mayday er eit internasjonalt nødsignal for skip og luftfartøy som blir brukt over radiotelefoni. Det er avleidd av det franske uttrykket m'aidez!, 'hjelp meg!'. Bruken blei vedteken i 1948.[1]

Bruken av ordet oppstod i 1923, då ein radiooffiser ved Croydon lufthamn i London blei beden om å finna eit ord som kunne uttrykka nød og var lettå forstå av alle flygarar og bakketeneste i ein nødsituasjon.[2] På denne tida føregjekk mykje av flytraffiken mellom Croydon og Le Bourget lufthamn i Paris. Offiseren, Frederick Stanley Mockford,[3] føreslo uttrykket «mayday» frå det franske m'aider ei kortform av venez m'aider (‘kom og hjelp meg’).[4]

Før ein tok i bruk «mayday» var morsesignalet SOS eit tilsvarande nødsignal. I 1927 tok International Radiotelegraph Convention i Washington i bruk stemmesignalet «mayday» i staden for SOS.[5]

  1. ↑ «mayday». Store norske leksikon (på norsk). 2014-09-28.
  2. ↑ «Why Mayday?». Research Questions. National Maritime Museum Cornwall. Henta 1 May 2013.
  3. ↑ «It's MayDay – But That Means Trouble for Aviators». Arkivert frå originalen 2019-03-24. Henta 30. mars 2018. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  4. ↑ Oxford Dictionaries, "Mayday", arkivert frå originalen 2016-07-09, henta 2018-12-31 {{citation}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  5. ↑ In 1927, the International Radiotelegraph Convention of Washington adopted "mayday" as the radiotelephone distress call Radiotelegraph Convention of Washington Arkivert 2014-03-08 ved Wayback Machine., s 81.