Mickey Curry
| Mickey Curry | |||
| | |||
| Fødd | 10. juni 1956 (70 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | New Haven | ||
| Fødenamn | Michael Timothy Curry | ||
| Opphav | USA | ||
| Aktiv | 1973 til i dag | ||
| Sjanger | rock | ||
| Instrument | trommesett | ||
| Tilknytte artistar | Bryan Adams, Hall & Oates, The Fontanas | ||
| Verka som | rocketrommis, skodespelar, musikar | ||

Michael Timothy Curry (fødd 10. juni 1956) er ein amerikansk trommeslagar. Han er mest kjend for eit langvarig samarbeid med musikaren Bryan Adams, men har òg arbeidd med Hall & Oates, Cher, Tina Turner, Alice Cooper, David Bowie, Elvis Costello, Sam Phillips, Tom Waits, The Cult, Steve Jones og andre musikarar.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Han spelte i mange lokale band i Connecticut fram til kring 1980, då han byrja å arbeide i forskjellige studio i New York. På Manhattan vart han med i eit band kalla Tom Dickie and the Desires. Manageren deira var Tommy Mottola, som òg var manager for Hall & Oates. Mottala likte arbeidet til Curry og bad han med på innspelinga av Hall & Oates-albumet Private Eyes.[1]
Omkring same tid møtte Curry produsenten Bob Clearmountain, som nettopp hadde byrja å arbeide med ein ung Bryan Adams. Kort tid etter spelte Curry på det andre albumet til Adams, You Want It You Got It. Han turnerte med Hall & Oates i fleire år og spelte på fleire studioalbum med Adams. Frå 1986 turnerte han òg fast med Adams. Curry har spelt på nesten alle albuma til Adams.[1]
I tillegg til Bryan ADams har Curry spelt med andre artistar, som Jude Cole og The Cult.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mickey Curry» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 «Bio Section». Mickeycurry.com. 2009-09-04. Henta 6. mars 2015.