Piperensar

Piperensar er ein børste laga av ein eller fleire ståltrådar med påspunne fiber som kan brukast til å reinska innsida av halsstykket på ei tobakkspipe eller andre tronge hole reiskapar, som medisinske instrument. Fibrane verker som ein børste, og ståltråden gjer han bøyeleg. Ved å staka og vri piperensaren i halsen på pipa kan ein reingjera henne. I nyare tid er piperensarar og blitt eit viktig formingsmateriale.
Fiberet ein bruker på piperensarar er ofte eit absorberande tekstil som bomull eller viskose. I tillegg kan ein bruka stivare materiale som nylon eller polypropen som gjer at ein kan skrubba betre. Nokre piperensarar smalnar i eine enden slik at han kan nå inn i tronge holrom.
Hovudgrunnen til at ein ønsker å rensa pipa er for å fjerna den sure «pipesausen», som også blir kalla «pipelort».[1] Denne øydelegg smaken av tobakken og må fjernast regelmessig.
Forming
[endre | endre wikiteksten]
Piperensarar blir også brukt til ulike formingsprosjekt fordi dei er bøyelege og held på forma dei får. Piperensarar laga for dette føremålet er ofte laga med polyester- eller nylontråd og er ofte lengre og tjukkare enn tradisjonelle piperensarar. Dei finst også i mange ulike fargar. Piperensarar er utbreidde formingsmateriale i barnehagar og skular.[2]
I Japan er forming med piperensarar kjend som mogol-kunst. Namnet er avleidd frå det portugiske «mughal» (mogul) om ei form for veving.[3]
- Blomar laga av piperensarar.
- Hund laga av piperensarar.
- Trolldokke med piperensar-horn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «pipelort» i Det Norske Akademis ordbok
- ↑ «Pipe cleaner artist», news.yahoo.com (på amerikansk engelsk), henta 2020-03-28
- ↑ «Mogol art», www.craftjam.jp, arkivert frå originalen 2020-02-15, henta 2020-03-28
{{citation}}: Invalid|url-status=yes(hjelp)
- Denne artikkelen bygger på «Pipe cleaner» frå Wikipedia på engelsk, og «Piperenser» frå Wikipedia på bokmål den 28. mars 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: