Hopp til innhald

QGIS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
QGIS


UtviklarQGIS utviklerteam
UtgjevarFlathub
Utgjeve6. juli 2002
Nyaste versjon4.2.3 (25. september 2026)[1]
Plattformx86-arkitektur, x86_64, ARM
OperativsystemLinux, macOS, Microsoft Windows, BSD, Android, iOS
Skriven iC++, Python
Typeromleg analyse
LisensGNU General Public License, version 2.0 or later with library exception
Nettstadhttps://qgis.org

QGIS er eit GIS-program som køyrer på Windows, Linux og macOS. Programmet har open kjeldekode og er fri programvare.

QGIS er eit geografisk informasjonssystem, som betyr at ein kan opna, framstilla, redigera og laga geografisk data. Dette gjer programmet likande Google Earth, men med fleire funksjonar.[2] Programmet støttar tillegg og har fleire lokale samfunn som tilpassar til nasjonale forhold.[3] Programmet har ei foreining i Noreg med formål å spre kunnskap om og få fleire til å bruka programmet, som heiter QGIS Norge.[4] Programvarepakka er utvikla for både Windows, Linux og macOS.[3]

Utviklinga starta i februar 2002 av Gary Sherman som Quantum GIS. Versjon 1.0 vart gjeve ut i januar 2009.[5] Ved lanseringa av versjon 2.0 vart prosjektet omdøpt til QGIS.[6]

Progammet et brukt av myndigheitar, journalistar og amatørar, som National Security Agency,[7] Kartverket og norske kommunar,[8] dei Sveitsiske kantonane Glarus og Solothurn[9] og NRK-journalistar.[10]

  1. ↑ «Release 4.2.3». 25. september 2026. Henta 25. september 2026.
  2. ↑ «Getting Started With Quantum GIS | Linux Journal», www.linuxjournal.com, henta 1. april 2026
  3. 1 2 «QGIS overview · QGIS Web Site», qgis.org (på engelsk), henta 1. april 2026
  4. ↑ Om oss – QGIS Norge (på bokmål), henta 1. april 2026
  5. ↑ Sutton, Tim (23. januar 2009), Announcing the release of QGIS 1.0 'Kore', henta 1. april 2026
  6. ↑ «Changelog for QGIS 2.0 · QGIS Web Site», www.qgis.org (på engelsk), henta 1. april 2026
  7. ↑ «National Security Agency», GitHub (på engelsk), henta 1. april 2026
  8. ↑ HG. Schüller. «QGIS-metode for å beregne dreneringslinjer og å identifisere aktsomhetsområder for elveflom i sidevassdrag» (PDF) (på bokmål). Kartverket. Henta 01.04.2026. {{cite web}}: Check date values in: |vitja= (hjelp)
  9. ↑ «Land Vorarlberg - QuantumGIS (QGIS) – freie GIS-Software», www.vorarlberg.at (på tysk), henta 1. april 2026
  10. ↑ Støstad, Mads Nyborg (5. januar 2024), «NRK avslører: Slik blir norsk natur ødelagt», NRK (på bokmål), henta 1. april 2026, «Ved hjelp av denne utvidede databasen, samt geografiske verktøy som QGIS og PostGIS, kunne vi nå få svar på en rekke spørsmål vi hadde rundt hvilken natur som var bygd ned.»