Hopp til innhald

Svaleurt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svaleurt
Svaleurt
Svaleurt
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Soleieordenen Ranunculales
Familie: Valmuefamilien Papaveraceae
Slekt: Chelidonium
Art: Svaleurt C. majus
Vitskapleg namn
Chelidonium majus

Svaleurt (Chelidonium majus) er ein flerårig urteplante i valmuefamilien.[1]

Planten er som regel 30–60 cm høg, men kan bli høgare. Han er rikt forgreina, håret og har gul mjølkesaft. Blada er fjørflika med runde avsnitt. Blomane er gule og sit nokre få saman i skjermar. Blomstringstida er mai–august. Frukta er ein linjeforma kapsel, som minnar om skulpen hjå mange arter i krossblomefamilien. Frøa er mørkebrune med kvite elaiosomar. Maur et elaisomane og bidreg til å spreia frøa. Planten inneheld ei rekkje alkaloid og er svært giftig. Plantesafta er branngul.[1]

Svaleurt veks på kulturland, brakkmark og i open skog. Arten har ei tvidelt utbreiing i dei tempererte strøka i den gamle verda. Det vestlege området omfattar heile Europa utanom dei nordlegaste delane, og dessutan Nord-Afrika, Anatolia, Transkaukasia, nordlege Iran og delar av Sibir. I Noreg finst planten spreidd nordover til Trøndelag. Svaleurt finst òg i Kina, Russiske fjerne austen, Korea og Japan. Dei austasiatiske plantene har større blomar som er opptil 3,5 cm breie, medan dei europeiske som regel er mindre enn 2,5 cm. Ofte skil ein den austlege forma ut som ei underart, Chelidonium majus subsp. grandiflorum. Svaleurt er naturalisert mange stader i Nord-Amerika. Her er han nokre stader rekna som ein aggressiv invasiv art, og ligg til dømes under restriksjonar i Wisconsin.[2][3]

Mange av stoffa i svaleurt verkar sterkt på kroppen, og han har ei lang historie som medisinplante. Planten blir framleis brukt i urtemedisin og homøopati, særleg mot forstyrringar i lever og galle. Den tradisjonelle nytta av plantesaft på auga mot ulike augeproblem blir sterkt frårådd. Planten er eit reseptpliktig lækjemiddel i Noreg og må berre brukast innvortes i samråd med kvalifisert personell.

  1. 1 2 «svaleurt». Store norske leksikon (på norsk). 2023-01-24.
  2. «Chapter NR 40 INVASIVE SPECIES IDENTIFICATION, CLASSIFICATION AND CONTROL» (PDF). wisconsin.gov. Henta 3 November 2017.
  3. «Invasive Plant Atlas of New England». Arkivert frå originalen 2015-07-30. Henta 2015-06-03.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]