Synklinal
Utsjånad


Synklinal er ein nedbøygd del av ein fold i berggrunnen. Når ein del av jordskorpa blir pressa saman i samband med at to tektoniske plater rører seg mot kvarandre, kan berggrunnen krølla seg saman, eller foldast. Folden som blir danna går opp og ned i ein boge.
Foldane som er nedretta blir kalla synklinalar. Dei oppretta delane blir kalla antiklinalar.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «synklinal» (20. oktober 2011) i Store norske leksikon, snl.no. Henta 1. desember 2013.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Synklinal» frå Wikipedia på bokmål, den 8. februar 2026.