Hopp til innhald

Velbert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Velbert
by
Sentrum av Velbert.
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Nordrhein-Westfalen
Region Düsseldorf
Landkreis Mettmann
Høgd 230 m
Areal 74,9 km²
Folketal 82 166 (31. desember 2025)[1]
Postnummer 42549–42555
Retningsnummer 02051–02053
Bilnummer ME
Kart
Velbert
51°20′24″N 7°02′30″E / 51.340048°N 7.041629°E / 51.340048; 7.041629
Wikimedia Commons: Velbert

Velbert er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 85 000 innbyggjarar. Byen ligg i kreisen Mettmann og er kjend for den 300 meter høge radiomasta Sender Langenberg.

Velbert ligg i åsane Berg, om lag 20 km nordaust for Düsseldorf og 12 km nordvest for Wuppertal ved den venstre breidda av elva Ruhr.

Velbert ligg i den høgaste delen av Berg og middelhøgda i byen er 230 meter over havet. Det høgaste punktet er 303 meter, ved Hordt-Berg, og det lågaste er rundt 80 meter ved Nierenhof am Deilbach.

  1. ↑ Alle politisch selbständigen Gemeinden mit ausgewählten Merkmalen am 31.12.2025 (på tysk), Statistisches Bundesamt, 27. august 2026, Wikidata Q141265959, henta 3. september 2026

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Velbert