Jon er eit mannsnamn som var svĂŠrt vanleg alt i mellomalderen. Namnet kjem av Johannes som via det greske I(h)oannes gĂ„r tilbake til det hebraiske Jochanan med tydinga ‘Gud er nĂ„dig’.

Namnet har fleire variantar: John, Jon, Jonn, JÄnn.

Namnedag er 24. juni. Hans og Johannes har ogsÄ namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Jon

Eit utval personar med namnet Jon, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 16 313 menn i Noreg som hadde Jon som det einaste fÞrenamnet eller som det fyrste av fleire, og Jon var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 41 gutar som fekk namnet Jon.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg pĂ„ folketeljingar, og dĂ„ var det oftast registerfĂžraren som bestemte kva for stavevariant som skulle fĂžrast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjĂžlv. Derfor er variantane Jon og John slĂ„tt saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Jon og John var mykje brukte tidleg pĂ„ 1800-talet, og i perioden 1800–1819 lĂ„g Jo(h)n som nummer 8 pĂ„ ranglista. Mens stavevarianten John hadde toppfasen sin 1925–1934 pĂ„ 1900-talet, var Jon mest brukt noko seinare (1965–1969). For bĂ„de John og Jon fell dette innanfor den perioden (1920–1979) da dei fleste einstava nordiske namna var mest populĂŠre, til dĂžmes BjĂžrn, Dag, Finn, Geir, Jarl, Kjell, Leif/Leiv, Odd, Rolf/Rolv, Stein/Sten, Svein/Svenn og Ulf.

Utvikling i bruk av namnet Jon frÄ 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon pÄ 1800-talet

Jon var mest brukt i TrĂžndelag.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Jon pÄ 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Jon var mest brukt i TrÞndelag. (I sÞylene inngÄr det ogsÄ ein eller fleire stavevariantar, til dÞmes John.)

Historisk bruk av namnet Jon
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgĂ„va ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktÞr svarar nÄr dei kan. Det kan ta tid fÞr du fÄr svar.

Du mÄ vere logga inn for Ä kommentere.

eller registrer deg