Joseph Louis Lagrange
Av .

Eit proton bestÄr av to opp-kvarkar (u) og éin ned-kvark (d). Proton i ein atomkjerne blir halde saman av kjernekrefter, som er avleda av sterk vekselverking. Sidan protona har positiv elektrisk ladning, vil det ogsÄ verke frastÞytande coulombkrefter mellom dei.

kjernekrefter
Av /Store norske leksikon.

Lagrange-mekanikk er ein mÄte Ä beskrive bevegelse i eit fysisk system pÄ. Metoden har namn etter Joseph Louis Lagrange. Lagrange-mekanikk er meir fleksibel enn newtonsk mekanikk, og fungerer spesielt godt for komplekse system eller nÄr bevegelsen har fÞringar.

Faktaboks

Uttale

lagrĂŁÊ’ –

BÄde Lagrange-mekanikk og newtonsk mekanikk leiar fram til matematiske likningar for bevegelse, men pÄ ulike mÄtar. Der newtonsk mekanikk tek utgangspunkt i kreftene som verkar, startar Lagrange-mekanikk med energien i systemet.

Lagrange-mekanikken vart fÞrst utvikla av den franske matematikaren Joseph Louis Lagrange med viktige bidrag frÄ Leonhard Euler.

Bruk

Lagrange-mekanikk blir bruka for Ä lÞyse ei rekke problem i mekanikk. Det fungerer godt for komplekse system, som ein pendel med fleire ledd, og nÄr bevegelsen har fÞringar, som nÄr ein gjenstand mÄ fÞlge ein bestemt bane.

Lagrange-mekanikk er meir fleksibelt og ofte enklare Ä bruke enn newtonsk mekanikk. Newtonsk mekanikk krev kontroll over alle krefter og deira vektorkomponentar. Dette unngÄr Lagrange-mekanikk ved Ä beskrive bevegelse med energi og generaliserte koordinatar. For eksempel kan pendelbevegelse beskrivast med vinkelutslaget \(\theta\) som generalisert posisjonskoordinat heller enn med ein posisjonsvektor i x og y.

Variantar av Lagrange-mekanikk blir ogsÄ bruka i kvantefeltteori og for Ä beskrive relativistisk bevegelse av elementÊrpartiklar. Standardmodellen i partikkelfysikk er uttrykt matematisk ved hjelp av ein Lagrange-funksjon. Denne Lagrange-funksjonen blir bruka til Ä rekne pÄ vekselverknad mellom elementÊrpartiklar, for eksempel i partikkelakseleratorar ved CERN.

Metoden i grove trekk

Lagrange-mekanikk startar med energien i eit fysisk system. Den totale energien til systemet bestÄr av kinetisk energi knytt til bevegelsen i systemet, og potensiell energi knytt til korleis systemet blir pÄverka av krefter.

Lagrange-funksjonen blir kalla L, og den er lik forskjellen mellom den kinetiske energien T og den potensielle energien V:

\(L = T – V\)

L er ein funksjon av dei dynamiske variablane i systemet, som for eksempel posisjon og fart. Generalisert kan desse variablane uttrykkast som \(q_n\) (posisjon) og deira deriverte \(\dot{q}_n\) (fart) med omsyn pÄ tid.

Prinsippet om minste verknad

Vidare brukar Lagrange-mekanikk prinsippet om minste verknad. Dette prinsippet seier at av alle mÄtar eit system kan bevege seg pÄ, sÄ vil den faktiske bevegelsen vera den som er mest effektiv i energi og tid, altsÄ den som har minst verknad.

For eksempel vil ein lysstrÄle alltid ta den vegen mellom to punkt som tek kortast tid. Det gjer mellom anna at lyset blir brote nÄr det gÄr frÄ eitt medium til eit anna.

Ved Ä bruke prinsippet om minst verknad viste Euler og Lagrange at bevegelsen i eit system mÄ oppfylle Euler-Lagrange-likninga. LÞysingar av denne likninga beskriv bevegelsen til systemet:

\[\frac{d}{dt}\left(\frac{\partial L}{\partial\dot{q}_i}\right)-\frac{\partial L}{\partial q_i}=0\]

der \(i=1,2,...,n\)

\(q_i\) er alle posisjonsvariablane og \(\dot{q}_i\) er deira deriverte med omsyn pÄ tida t.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktÞr svarar nÄr dei kan. Det kan ta tid fÞr du fÄr svar.

Du mÄ vere logga inn for Ä kommentere.

eller registrer deg