Det blir dyrka ein del korn langs LĂ„gen, men jordbruket satsar bĂ„de her og i hĂžgareliggande strĂžk sĂŠrleg pĂ„ husdyrhald og utnytting av gode fjellbeite. Det er ein del industri i dei to tettstadene, sĂŠrleg knytt til lokale tradisjonar og naturgrunnlag, til dĂžmes trevare- og mĂžbelindustri og kunsthandverk. Skogavvirkinga var i femĂ„rsbolken 2018â2022 i gjennomsnitt pĂ„ 26 000 kubikkmeter Ă„rleg; 60 prosent av dette var gran, resten furu.
Nord-Fron er kommunen med stĂžrst vasskraftproduksjon i Innlandet, og er ein viktig kraftkommune pĂ„ landsbasis. Dei fem vasskraftverka i kommunen produserer til saman 1836 gigawattimer i Ă„ret (gjennomsnitt 1993-2020). Det stĂžrste kraftverket er Nedre Vinstra (i drift fra 1953), som stĂ„r for om lag to tredjedeler av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Ăvre Vinstra (1959) og HinĂžgla (2021). Hafslund ECO Vannkraft er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen.
HandelsnÊringa er godt utbygd, sÊrleg pÄ Vinstra, og har noko av kundegrunnlaget sitt i ein stor turisttrafikk. Reiselivsbransjen har utvikla seg mykje sidan 1990-Ära og utgjer ein viktig del av nÊringslivet i kommunen.
I fjelldalen Sikkilsdalen inn mot Jotunheimen er det Ärlege hestesleppet ei storhende. Hesteavlssetra i Sikkilsdalen er viktig i avlsarbeidet for norsk hest, sÊrleg dÞlahest.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktÞr svarar nÄr dei kan. Det kan ta tid fÞr du fÄr svar.
Du mÄ vere logga inn for Ä kommentere.