PĂ„ eit mĂžte i Kalmar i 1397 vart Erik krona til konge over dei tre rika Danmark, Noreg og Sverige, og ein evig kongefellesskap mellom dei, kalla Kalmarunionen, vart avtalt. Danmark vart etter kvart den dominerande parten i unionen. Sverige trekte seg ut i lĂžpet av 1400-talet, medan Noreg ikkje var i stand til Ă„ gjere det same. Kong Eriks unionssegl. LĂžva (i midten) representerer Noreg. Dei tre lĂžvene med Dannebrog (oppe til venstre) representerer Danmark. Tre kroner (oppe til hĂžgre) representerer Sverige, eller heile Kalmarunionen. Folkunge-lĂžva (nedst til venstre) representerer Sverige. Griffen (nedst til hĂžgre) representerer Pommern.

Bilete er henta frÄ Anders Thiset (1850-1917): Danske kongelege Sigiller, 1917.

Under Christian 3. blei Noreg politisk underordna Danmark. Norske historikarar har karakterisert landet som eit dansk «lydrike». I Christians handfestning (kontrakten mellom han og det danske riksrÄdet) stÄr det i den sÄkalla Norgesparagrafen at «Fordi Noregs rike no er sÄ minka, bÄde av makt og formue, og innbyggjarane i Noreg ikkje Äleine har rÄd til Ä underhalde ein herre og konge, er same rike forbundet til Ä bli hos Danmarks krone til evig tid. Dei fleste av Noregs riksrÄd, spesielt erkebiskop Olav, som er det stÞrste hovudet der i riket, har no to gonger i laupet av ei kort tid, med mesteparten av riksrÄdet, gÄtt imot forpliktingane til Danmarks rike. DÄ har vi difor lova og sagt til Danmarks riksrÄd og adel at dersom den allmektige Gud har meint det slik at vi skal ha Noregs rike, eller nokre av dei tilhÞyrande landsdelar, slott, land eller syslar, under lydnaden vÄr, skal det frÄ no av vere og bli under Danmarks krone, slik som dei andre land, Jylland, Fyn, SjÊlland eller SkÄne. Noreg skal frÄ no av ikkje vere eller heite eit kongerike for seg, men vere ein del av Danmarks rike og under Danmarks krone til evig tid.»

Av /Tom JersĂž, Rigsarkivet.
Lisens: CC BY SA 2.0

Dansketida er eit utbreidd namn pĂ„ perioden dĂ„ Noreg var i union eller kongefellesskap med Danmark (1380–1814).

Faktaboks

OgsÄ kjend som

dansketiden; Danmark-Norge; foreningstida

Kongefellesskapen mellom Noreg og Danmark byrja dÄ Olav 4., dansk konge frÄ 1376, vart norsk konge i 1380. Han var son av HÄkon 6. av Noreg og Sverige, og den danske kongsdottera Margrete 1. DÄ Olav dÞydde i 1387, vart mora Margrete norsk og dansk regent, frÄ 1397 for den skandinaviske kongefellesskapen Kalmarunionen. Danmark vart tidleg den dominerande parten i unionen. DÄ Sverige lausreiv seg pÄ byrjinga av 1500-talet, var det berre Danmark og Noreg igjen.

I 1536 vart Christian 3. dansk og norsk konge. I handfestinga hans blei det bestemt at Noreg ikkje lenger skulle vere eit eige rike, men underlagt Danmark pĂ„ line med dei danske landsdelane («Noregsparagrafen»). Dette Ă„ret vart ĂČg det norske riksrĂ„det oppheva, og den eigentlege dansketida kan seiast Ă„ ta til dĂ„.

Dansketida har tidvis blitt vurdert negativt av norske historikarar pÄ grunn av tapet av politisk sjÞlvstende, favorisering av KÞbenhavn og Danmark, overfÞring av norske skatteinntekter og byrder som militÊrteneste og pliktarbeid. Økonomisk og demografisk var likevel dansketida ein vekstperiode, med rask befolkningsauke frÄ slutten av 1500-talet, vekst i varebyte og generelt auka Þkonomisk aktivitet.

Nordiske relasjonar pÄ 1300-talet

Dei skandinaviske kongeslektene hadde lange tradisjonar for politiske alliansar, ofte gjennom ekteskap. Ved byrjinga av 1300-talet sÞkte den norske kongemakta auka innverknad i det danske omrÄdet Halland og allierte seg med den svenske kongemakta gjennom giftarmÄl. Den norske kongsdottera IngebjÞrg HÄkonsdotter vart gifta bort til den svenske hertugen Erik, bror av Birger Magnusson. Indre svenske konfliktar gjorde at son deira, Magnus 7. Eriksson, i 1319 vart vald til svensk konge. Samtidig stod han nÊrast til Ä arve det norske riket, noko han gjorde allereie same Är.

Magnus Eriksson styrte Sverige og Noreg kvar for seg, men la vekt pĂ„ svenske interesser i utanrikspolitikken. Å sikre SkĂ„ne, Halland og Blekinge, som dĂ„ hĂžyrde til Danmark, for den svenske krona var eit viktig mĂ„l. Her mĂžtte han sterk motstand frĂ„ danske Valdemar 4. Atterdag, som gjenerobra SkĂ„ne og delar av Halland. Tapet og skattlegging av adelen og presteskapet gjorde at svenske stormenn gjorde opprĂžr mot kong Magnus og son hans, HĂ„kon 6. Magnusson, som vart kasta frĂ„ den svenske krona i 1364. I staden valde dei Albrecht 3., hertug av Mecklenburg, son av Magnus Erikssons syster.

For Ä styrkje stillinga si hadde HÄkon Magnusson gifta seg med Valdemars dotter Margrete i 1363, trass erobringa av SkÄne. Alliansen var viktig i HÄkon Magnussons forsÞk pÄ Ä vinne tilbake den svenske krona. Samstundes mÄtte den norske kongemakta dÄ samkÞyre utanrikspolitikken sin med danske interesser, noko som fÞrte til krig med det nordtyske Hansaforbundet. I fredsavtalen frÄ 1370 fekk Hansaen rett til Ä gripe inn i det danske kongevalet.

Konge- og dronningfellesskapen

Dronning Margrete vart vald til norsk og dansk riksstyre av riksrĂ„da i dei to landa etter den tidlege dĂžden til sonen i 1387. Eit Ă„r seinare vart ho ĂČg vald til riksstyre i Sverige. Biletet viser det norske valbrevet hennar av 2. februar 1388. Segla til riksrĂ„da er hengde ved brevet som bevis pĂ„ autentisitet.

Av /Riksarkivet.

HÄkon og Margrete sin son Olav vart vald til dansk konge i 1376, etter at Valdemar Atterdag dÞydde Äret fÞr. Albrecht 4. av Mecklenburg var fyrst ein sterkare kandidat til krona, som son av Valdemars eldste dotter Ingeborg og brorson av svenske Albrecht 3. Olavs mor Margrete overtydde derimot danske stormenn om kandidaturet til sonen, og fekk Hansaen til ikkje Ä gripe inn i valet ved Ä fornye handelsrettane deira. DÄ HÄkon Magnusson sÄ dÞydde i 1380, arva Olav 4. Noreg etter far sin. Landet kom dÄ i ein politisk fellesskap med Danmark som kom til Ä vare i ulike utformingar heilt fram til 1814. Kongen og hoffet tok residens i Danmark, der rÄdet hans overtok oppgÄver utfÞrte av ei eiga norsk sentralforvaltning, kanselliet i Oslo. Nokon opphavleg avtale mellom landa om innhaldet i den politiske fellesskapen er ikkje kjent.

Olav 4. var seks Är gamal dÄ han vart dansk konge, og ti Är dÄ han vart norsk. Margrete hadde mykje av det politiske initiativet fÞr han vart myndig. Utanrikspolitisk lukkast ho bÄde med Ä leggje SÞnderjylland under dansk styre og Ä tilbakefÞre slotta i SkÄne, etter svÊrt utfordrande forhandlingar med Hansaen, som ho fekk fullmakt til av det norske riksrÄdet i 1381. Det svenske aristokratiet gjorde samstundes opprÞr mot Albrecht 3. etter konfliktar om skattlegging, andelen mecklenburgere i riksstyret og retten til slotta etter riksdrosten Bo Jonsson Grip. Svenske stormenn vende seg heller til Margrete for hjelp.

I 1387 dÞydde Olav 4. brÄtt. Det danske aristokratiet valde dÄ Margrete til Danmarks «fullmektige formyndar» og «frue og husbonde», medan det norske riksrÄdet utnemnde henne til «mektig frue» og «rett husbonde» Äret etter. Same tittel fekk ho av det svenske riksrÄdet kort tid etter. DÄ Albrecht 3. blei nedkjempa i 1389 sat Margrete med riksstyret i alle dei nordiske landa. I Noreg vart ho kalla dronning, noko ho ikkje vart i Danmark og Sverige, men ho var i praksis regent i heile Norden.

Kalmarunionen (1397–1537)

Kong Eriks kroningsbrev frÄ 13. juli 1397. Ingen norske bispar besegla dette brevet som var vitne til kong Eriks kroning i Kalmar (kroningsbrevet), men fleire nordmenn stÄr som utferdarar, mellom anna riksrÄdane Eindride Erlendsson og Ogmund Bolt.

Av /foto Tom JersĂž/Rigsarkivet.
Lisens: CC BY SA 4.0

Albrecht 4. stod i 1387 nÊrast til Ä arve den norske krona, og i 1376 var han utpeika som etterfylgjar om Olav 4. fall frÄ. Albrecht erklÊrte seg difor straks som dansk konge. Danske stormenn kalla inn til landsting, som innan ei veke hylla Margrete som regent, grunngjeve med den gode styringsevna hennar. I Noreg var Albrecht uynskt, grunna forholdet til huset Mecklenburg, og Margrete fekk det norske riksrÄdet til Ä vedta at kravet hans var frÄfalle, sidan Mecklenburg hadde fÞrt krig mot riket. I staden skulle kongsÊtta no reknast frÄ Margrete.

Som arving fekk Margrete peika ut systerdottersonen Erik (opphavleg Bugislav) av Pommern, som ogsĂ„ var tipptippoldebarn av HĂ„kon 5. Erik vart utsett til tronfylgjer i alle tre rika og hylla som norsk konge pĂ„ Øyrating i september 1389. Det norske riksrĂ„det ferda samstundes ut eit dokument der det mellom anna heitte at dronning Margretes regentskap i Noreg skulle avsluttast nĂ„r kong Erik vart myndig. I 1396 vart Erik ĂČg hylla som konge i Danmark og Sverige. PĂ„ eit mĂžte i Kalmar i 1397 vart Erik sĂ„ krona til konge over dei tre rika. Ein evig kongefellesskap mellom dei, seinare omtala som Kalmarunionen, vart avtalt. Margrete heldt likevel fram med Ă„ styre rika og var den av dei felles monarkane som i stĂžrst grad interesserte seg for Noreg.

Etter Margretes dÞd i 1412 prÞvde kong Erik Ä vidareutvikle eit sterkt kongeleg sentralstyre. I 1417 gjorde han KÞbenhavn til hovudstad og det danske kanselliet til regjeringskontor for unionen. RiksrÄda vart freista sette til side, og sentrale embete i riksstyret vart ikkje erstatta nÄr innehavarane fall frÄ. Svenske stormenn klandra han for Ä gje len til utlendingar, presteskapet for einerÄdig kyrkjestyre. Mislukka handelspolitikk og dyr og resultatlaus krigfÞring mot Hansaen og grevskapet Holstein nÞrte opp om misnÞya. Erik oppheldt seg ikkje i Noreg etter 1405 og makta ikkje Ä forsvare norsk handel eller Bergen mot angrep frÄ dei tyske kaprarane vitaliebrÞrne. Fleire opprÞr braut ut i Sverige og Noreg, stÞtta av riksrÄda, som til slutt avsette kong Erik.

RiksrÄdskonstitusjonalismen

RiksrÄdskonstitusjonalisme betyr at kongen styrte landet i samarbeid med riksrÄdet. Kongen var forplikta til Ä styre i trÄd med valhandfestningane, som var dei lyfta kongane hadde gjeve riksrÄdet fÞr han vart vald til konge. Desse handfestningane var ei form for grunnlover for styringstida til dei enkelte kongane.

RiksrÄdet og drottseten tok over meir av styringa i lÞpet av Eriks regjeringstid. I Noreg heldt rÄdet fleire mÞte utan kongen. Ein praksis der rÄdet formelt medverka i riksstyret utvikla seg under etterfylgjarane hans, der kongen garanterte lojaliteten sin mot rÄdet og lova ved innsetjinga, riksrÄdskonstitusjonalismen. Christoffer av Bayern, som regjerte til 1449, prÞvde Ä kontrollere det norske riksrÄdet ved Ä utnemne fleire utanlandske rÄdsmedlem, men hadde for svakt maktgrunnlag til Ä styre rÄdsarbeidet. Ei ny norsk sentralforvaltning vart likevel ikkje oppretta, trass framstÞyt frÄ riksrÄdet. Kanslaren sine oppgÄver var avgrensa til rettsstellet.

Kongemakta i Noreg hadde tradisjonelt gÄtt i arv, ulikt valkongedÞma Danmark og Sverige der tronfylgja vart avgjord ved val. Med den sterke stillinga si braut riksrÄdet derimot med arverekkjefylgja ved utnemninga av Christoffer, for Ä fylgje det danske valet av ein kandidat som ikkje stod nÊr kong Erik. Kongen vart krona i alle land for seg, som markerte ein laus personalunion. Ved neste tronskifte i 1449 oppstod det splid mellom den svenske kandidaten Karl Knutsson Bonde og den danske Christian frÄ fyrstehuset Oldenborg.

Fleire norske riksrÄdar frykta ei for sterk styring frÄ Danmark, og Karl vart opphavleg vald til norsk og svensk konge. Han ferda dÄ ut den fyrste norske handfestinga, som markerte overgangen til eit norsk valkongedÞme. Christian hadde likevel mektige stÞttespelarar og svenske stormenn godtok kravet hans pÄ Noreg, for Ä byggje bru mot Danmark. I 1450 godtok kong Karl og det norske riksrÄdet Christian som norsk og dansk konge. Landa slutta ein «evig union» under same konge, valt av riksrÄda, som slik eigentleg bar rika sin suverenitet. Det norske riksrÄdet kom til Ä styre landet med lita kongeleg innblanding under Christian 1.

Krona styrte til gjengjeld utanrikspolitikken. Christian 1. var oppteken av Ă„ vinne tilbake Sverige, som han gjorde i perioden 1457—1464, og Ă„ tileigne seg Slesvig og Holstein, som han sikra for danske monarkar i 1460. Dei diplomatiske manĂžvrane pĂ„ vegen svekte norske interesser. Makta til hansaen i Bergen vart heller stadfesta enn avgrensa, fordi Christian 1. trong stĂžtte frĂ„ tyske statar til kravet pĂ„ Slesvig og Holstein, og for Ă„ kunne fĂžre ein handelsblokade mot Sverige. Dei gamle norske skattlanda OrknĂžyane og Hjaltland pantsette kongen til den skotske krona for Ă„ styrkje eit forbund mellom rika. RiksrĂ„det protesterte mot at delar av det norske riket vart pantsett, og pĂ„la Christians etterfylgjar Hans 1. Ă„ lĂžyse inn pantet i handfestinga hans, utan at dette vart gjort.

Sentralisering og svensk brot

Kong Hans sentraliserte heller kongemakta og svekte norsk aristokrati ved Ă„ dele ut len og viktige slott til danske adelsmenn. Norske stormenn gjorde difor opprĂžr i 1501, stĂžtta av svenske riksrĂ„det, som i 1497 hadde godteke Hans som svensk konge, men ynskte at han skulle etterfylgje krava om ei svak kongemakt i Halmstad-recessen. Der Sverige pĂ„ ny braut med treriksunionen, vart opprĂžret i Noreg slĂ„tt brutalt ned. OpprĂžrsleiaren, den store godseigaren og riddaren Knut Alvsson, vart drepen i eit bakhald under forhandlingar. Den danske rikshovmeisteren Poul Laxmand, ein avgjerande representant for dansk aristokrati og riksrĂ„dskonstitusjonalisme, vart ĂČg myrda. Etter Laxmands dĂžd styrte kongen rika meir eigenrĂ„dig, forma kanselliet til sin eigen reiskap og utforma kongebrev for styringa av Noreg, som det norske riksrĂ„det vanskeleg kunne overstyre.

For Ă„ styrkje grepet om Noreg vart den seinare Christian 2. norsk visekonge frĂ„ 1506 til 1511, som fyrste vedvarande nĂŠrverande kongelege representant i landet sidan Margretes styre. RiksrĂ„det vart dĂ„ sjeldan kalla saman, dansk borgarskap fekk norske len, og kyrkja fekk mindre kontroll med utnemninga av biskopar. Som konge i perioden 1513–1523 innskrenka Christian handlingsfridomen til kyrkja ytterlegare og utfordra adelen ved Ă„ halde borgarlege rĂ„dgjevarar. Christian knuste eit langvarig svensk opprĂžr, men dĂ„ han fekk nĂŠr 100 opprĂžrarar myrda i «Stockholms blodbad», braut landet endeleg ut av Kalmarunionen og valde Gustav 1. Vasa til konge.

Norsk opprĂžr

Christian 2. gav sterkare handelsrettar til borgarskapet pĂ„ kostnad av den danske adelen, som i 1523 gjorde opprĂžr for tap av privilegia. Dei valde Frederik 1. til dansk, og dermed ĂČg norsk, konge. For Ă„ styrkje maktgrunnlaget sitt nĂŠrma den nye kongen seg tilhengjarar av protestantismen og svekte sjĂžlvrĂ„deretten til kyrkja. Erkebiskop Olav Engelbrektsson vart i 1524 vald til leiar av det norske riksrĂ„det, som forma ut ei handfesting til kongen med krav om forsvar frĂ„ lutherdomen og utdeling av len til norske eller norskinngifta adelsmenn. DĂ„ Gustav Vasa gjennomfĂžrte reformasjonen i Sverige i 1527, mista Olav Engelbrektsson ein viktig mogleg alliert. Frederik 1. utnytta den styrkte stillinga si til Ă„ plassere danske adelsmenn i norske slottslen og dermed det norske riksrĂ„det, som han slik fekk meir kontroll med. Kongen konfiskerte i 1529 norske klostergods og delte dei ut til tilhengjarane sine, eit teikn pĂ„ at han heller ikkje ville respektere kravet om Ă„ hindre innpasset til lutherdomen i landet.

DĂ„ Frederik 1. dĂžydde, var det nĂŠraste kongsemnet, den seinare Christian 3., ope lutheranar. Katolikkane i det danske riksrĂ„det, som var leia av erkebiskopen, motsette seg nytt kongeval. Ein dansk borgarkrig, Grevefeiden, braut ut. Utan ny konge styrte riksrĂ„det ĂČg i Noreg, men ulikt situasjonen ved fĂžrre kongeval var ikkje rĂ„det samla om Ă„ forsvare norske interesser. RĂ„dsarbeidet vart heller hindra av motsetnader mellom riksrĂ„da frĂ„ kyrkja og dei danske lensherrane som stĂžtta Christian 3.

Vinteren 1535/1536 tvinga dei Olav Engelbrektsson til Ä godta Christian 3. som konge, men kort tid etter blei dei danske adelsmennene fengsla og leiarfiguren Vincens Lunge drepen. Olav Engelbrektsson sine troppar prÞvde deretter Ä ta kontroll over det sÞnnanfjelske Noreg, men fekk aldri ei lova militÊr stÞtte frÄ katolske allierte. DÄ Christian 3. tok kontroll over KÞbenhavn i juli 1536, hadde han ryggen fri til Ä angripe Noreg. I februar 1537 invaderte danske styrkar, og Olav Engelbrektsson flykta frÄ landet.

Lydriketida (1536–1660)

Under Christian 3. vart Noreg politisk underordna Danmark. Norske historikarar har karakterisert landet som eit dansk «lydrike». I Christians handfestning stÄr det i den sÄkalla Norgesparagrafen at «Fordi Noregs rike no er sÄ minka, bÄde av makt og formue, og innbyggjarane i Noreg ikkje Äleine har rÄd til Ä underhalde ein herre og konge, er same rike forbundet til Ä bli hos Danmarks krone til evig tid. Dei fleste av Noregs riksrÄd, spesielt erkebiskop Olav, som er det stÞrste hovudet der i riket, har no to gonger i laupet av ei kort tid, med mesteparten av riksrÄdet, gÄtt imot forpliktingane til Danmarks rike. DÄ har vi difor lova og sagt til Danmarks riksrÄd og adel at dersom den allmektige Gud har meint det slik at vi skal ha Noregs rike, eller nokre av dei tilhÞyrande landsdelar, slott, land eller syslar, under lydnaden vÄr, skal det frÄ no av vere og bli under Danmarks krone, slik som dei andre land, Jylland, Fyn, SjÊlland eller SkÄne. Noreg skal frÄ no av ikkje vere eller heite eit kongerike for seg, men vere ein del av Danmarks rike og under Danmarks krone til evig tid.»

Av /Det Nationalhistoriske Museum pÄ Frederiksborg Slot.

«Noreg skal frÄ no av ikkje vere eller heite eit kongerike for seg, men vere ein del av Danmarks rike og under Danmarks krone til evig tid», heitte det i den sÄkalla «Noregsparagrafen» i Christians handfesting. Eit eige norsk riksrÄd vart no avskaffa. Framtidige kongsemne mÄtte dermed ikkje godta norske krav, medan dansk adel fekk len i Noreg utan norsk politisk motstand.

«Lydriketida» (1536–1660) vart likevel i praksis ikkje ei fullstendig innleming av Noreg i det danske riket. Vedtak som oppheva Noregs rikstilling kom aldri, og krona omtalte heller Noreg som eige rike i utsegn og kontraktar. Det norske riksvĂ„penet vart framleis brukt, eigne norske myntar vart slĂ„tt og eigne norske lover vart kodifiserte. Embetet som norsk rikskanslar heldt fram, frĂ„ 1572 vart det ĂČg utnemnt ein norsk statthaldar. Noreg vart eit lydrike fordi kongeriket framleis eksisterte, men riksstyret vart no flytta ut av landet.

Danske adelsmenn fekk etter 1537 forlente brorparten av norske len, sĂŠrleg hovedlena, og vart i stigande grad utnemnde til lagmenn og andre norske embete. Dansk adel prega slik lokalstyret, som dei fĂžr hadde dominert i riksstyret. Kongen fekk derimot sterkare kontroll med lensinntektene og lensherrane sine underordna futar utover 1500- og 1600-talet.

Den nordiske sjuĂ„rskrigen (1563–1570) og Kalmarkrigen (1611–1613) viste at Noreg var dĂ„rleg rusta mot svenske angrep. Ein eigen norsk hĂŠr vart bygd opp, men trass vellukka krigfĂžring, gjekk norske landomrĂ„de tapt etter Hannibalfeiden (1643–1645) og pĂ„ ny etter Krabbekrigen (1657–1658). Rustningskapplaupet med Sverige kravde store ressursar, noko som fĂžrte til auka skattar og utskriving av mange norske bĂžnder til hĂŠren. RiksrĂ„det var motvillig mot den aggressive utanrikspolitikken til kongen, med etterfylgjande press pĂ„ statsfinansane. Under Christian 4. (1588–1648) oppstod det djup splid, som fĂžrte til at son hans Frederik 3. (1648–1670) i handfestinga si mĂ„tte godta ei sterk innskrenking av kongeleg makt.

Eineveldet (1660–1814)

DÄ Frederik 3. blei valt til konge i 1648, mÄtte han underskrive ei svÊrt streng handfestning som gjorde han heilt avhengig av riksrÄdet. I 1660 tvinga derimot Frederik igjennom at handfestninga skulle avskaffast og arvekongedÞmet innfÞrast. Danmark-Noreg vart dÄ eit einevelde. Fordi handfestninga frÄ 1648 vart kassert, er Frederiks handskrift klipt ut frÄ det bevarte dokumentet (holet midt pÄ sida).

Av /foto Tom JersĂž/Rigsarkivet.

Som mottrekk mot den auka makta til riksrÄdet fekk Frederik 3. styrkt tronekravet til son sin, den seinare Christian 5., ved Ä la han bli kongehylla medan han sjÞlv var i live. Rettshistoriske granskingar vart utfÞrte, som styrkte arvekravet til kongen pÄ Noreg. Samstundes fekk kongen domstolen til Ä fjerne dei mektige riksrÄdane Corfitz Ulfeldt og Hannibal Sehested, som ogsÄ var norsk statthaldar. Avsetjingane viste brytningar mellom hÞgadelen i riksrÄdet og dansk lÄgadel. I 1660 utnytta kongen usemja og borgarskapen og presteskapen si misnÞye med det manglande skattebidraget til adelen, til Ä innfÞre arverett og einevelde.

Etter eineveldet lÄg i prinsippet all makt over Danmark-Noreg hos kongen. I praksis mÄtte mykje avgjerast i embetsverket. Tendensen vart forsterka av at nokre av einevaldskongane var mindre styringsdyktige, sÊrleg Frederik 5. og Christian 7. Saksmengda i riksstyret hadde vakse mykje pÄ 1600-talet og styringsverket vart utvida etter innfÞringa av eineveldet.

Kanselliet og dei andre departementa vart forma om til kollegiale rÄd, som drÞfta vedtak i fellesskap, heller enn Ä bli avgjort av éin mann. Formennene i desse kollegia sat i geheimekonseilet, oppretta i 1670, som samordna statsarbeidet. Konseilet blei sÄ erstatta av geheimestatsrÄdet i 1772. FrÄ kollegia var det berre utanriksministeren som fekk sete. Sentrale statsmenn sette dessutan statsrÄdet til side og styrte ved hjelp av personlege utnemnde rÄdgjevarar, i eit kabinettstyre, sÊrleg under styret til kronprins Frederik, den seinare Frederik 6.

Eineveldet forma ut dei nye lovbÞkene Danske Lov og Norske Lov. I Noreg erstatta lovverket frÄ 1687 Magnus LagabÞtes landslov frÄ 1277, som hadde vore viktig for norsk identitet. Delar av den nye lova bygde pÄ Moselova, med strenge straffer for blasfemi, trolldom eller avvikande seksuell omgang (sodomi). Det danske regimet hadde stramma det religiÞse grepet pÄ 1600-talet, sterkast uttrykt ved trolldomsprosessane. Disiplineringa heldt fram pÄ 1700-talet, i autoritÊre lover for strengare kyrkjetukt, tvungen kyrkjegang, samisk omvending og forbod mot utanomkyrkjeleg forkynning. LekmannsrÞrsla haugianarane opponerte sÊrleg mot autoriteten i den eineveldige kyrkja. Skatteauken vekte samstundes regelrette opprÞr, i strilekrigen og reisinga leia av Christian Jensen Lofthuus.

I 1814 vart Noreg sjÞlvstendig frÄ Danmark. Kong Frederik 6. mÄtte dÄ avstÄ Noreg til Sverige fordi Danmark-Noreg var pÄ den tapande sida under Napoleonskrigane. AvstÄinga kom som ei fylgje av vilkÄra i Kieltraktaten, ein fredsavtale mellom kongen i KÞbenhavn og den svenske kronprinsen, Karl Johan, underteikna i januar 1814.

«Noregs nedgang»

Tradisjonelt er pestepidemien svartedauden pÄ midten av 1300-talet blitt sett pÄ som ei viktig Ärsak til det som ofte har blitt kalla «Noregs nedgang» i den seinare dansketida. Ei vanleg forklÄring har vore at Noreg vart uvanleg hardt ramma av svartedauden, og dermed ikkje var sterkt nok til Ä hevde seg mot Danmark. Det er likevel ingen grunn til Ä tru at Noreg vart hardare ramma av svartedauden enn andre land det er naturleg Ä samanlikne seg med. Nyare forsking har vist at Sverige hadde like stor befolkningsnedgang under pestepidemiane som Noreg, utan at dei opplevde den same politiske underordninga. Svartedauden kan difor ikkje forklÄre kvifor Noreg vart underlagt Danmark.

Ei anna Ärsak til at Noreg, i motsetnad til Sverige, vart underordna Danmark, kan ha vore koplinga mellom det norske riksrÄdet og katolisismen. Utan eigen konge var det (den katolske) kyrkja som var den viktigaste politiske institusjonen i Noreg, og erkebiskopen var leiar for riksrÄdet. I bÄde Danmark og Sverige var det fleire protestantar mellom den politiske eliten i Ära som fylgde etter reformasjonen i 1517, medan dette ikkje var tilfellet i Noreg. Den norske politiske eliten, med riksrÄdet i spissen, ynskte eit sjÞlvstendig Noreg med ein katolsk konge, og prÞvde Ä fÄ innsett den tidlegare kongen Christian 2. pÄ nytt. Han vart likevel nedkjempa av den protestantiske kongen Frederik 1. i 1531. DÄ Frederiks son Christian 3. innfÞrte reformasjonen i Danmark og Noreg i 1536, vart erkebiskopen tvinga til Ä forlate landet, og den norske politiske eliten vart i stor grad erstatta med danske protestantiske adelsmenn.

Dansketida i historieskrivinga

Absalon PederssÞn Beyers meisterstykke var noregshistoria Om Norgis Rige frÄ 1567. Verket gjev oss synet hans pÄ Noregs situasjon i samtida, beundringa han hadde for landets historie og forventningane han hadde til den vidare utviklinga i landet. Biletet viser tittelsida til ei utgÄve frÄ 1928 (400-Ärsjubileet for Beyers fÞdsel). I Om Norigs Rige skriv Beyer mellom anna fylgjande om dansketida:

«Fra den dag Norge kom under Danmark og mistet sine egne herrer og konger, sÄ har det ogsÄ mistet sin manndoms styrke og makt, og begynner nÄ Ä bli gammel og grÄhÄret og sÄ tung at det ikke kan bÊre sin egen ull.

Derfor begynner her Norges alderdom, fordi hun ble sĂ„ gammel, kald og ufruktbar, at hun nĂ„ ikke selv kunne fĂžde kongebarn, som skulle vĂŠre hennes regenter. Hennes adel, gode kjemper og stridsmenn, faller henne i fra, en part ved sverd og en part ved pest i den store mannedĂžd [
].»

Om Norigs Rige
Av /F. Beyers forlag.

Oppfatningar i samtida

Midten av 1500-talet vart ĂČg i samtida oppfatta som eit botnpunkt i norsk historie. Den norske historieskrivaren og teologen Absalon PederssĂžn Beyer skreiv i sin Om Norigs rige frĂ„ 1567 at «Fra den dag Norge kom under Danmark og mistet sine egne herrer og konger, sĂ„ har det ogsĂ„ mistet sin manndoms styrke og makt, og begynner nĂ„ Ă„ bli gammel og grĂ„hĂ„ret og sĂ„ tung at det ikke kan bĂŠre sin egen ull».

Seinare oppfatningar

Perioden dÄ Noreg hadde vore styrt frÄ Danmark vart i liten grad studert dei fyrste tiÄra etter 1814. Rudolf Keyser og Peter Andreas Munch, leiande i ei gruppe historikarar kalla den norske historiske skulen, la sÊrleg vekt pÄ vikingtida og tidleg mellomalder. Dei hevda at Noreg var busett gjennom innvandring nordfrÄ, frÄ Russland. Noreg var dÄ hovudlandet, der den reinaste forma for nordisk kultur og sprÄk fanst, som Danmark deretter var folkesett frÄ («innvandringsteorien»). PÄverka av nasjonalromantikken framheva fleire diktarar, kunstnarar og akademikarar frÄ 1830-talet tradisjonar i det norske bondesamfunnet som grunnlaget for ein eigentleg norskdom.

Framveksten av norskdomsrÞrsla fÞrte til stÞrre kritikk av det som blei rekna som framande element i norsk kulturliv og sprÄk. RÞrsla hevda det norske folket var delt mellom ei grunnleggjande norsk bondebefolkning og ein overklasse med utanlandske rÞter og tilknyting til det danske skriftsprÄket. Omgrepet «dansketida» vart pÄ 1800-talet brukt i negativ tyding, til dÞmes i Kristofer Jansons roman Fraa Dansketidi (1875).

Gjennom venstrerÞrsla vart denne kulturnasjonalismen lyfta opp politisk, og dansketida vart framstilt som ein arv som framleis levde gjennom det samtidige politiske systemet. Dansketid kunne her bli jamfÞrt med embetsmannsstyre og manglande demokrati. Venstre sin store folketalar BjÞrnstjerne BjÞrnson brukte historia aktivt til Ä underbyggje «kampen i dag» og talte om at Noreg som «biland» hadde lidd skade under Danmark som «hovudland». Konservative politikarar og tenkjarar avviste derimot kategorisk den historisk funderte delinga i to norske kulturar.

I verket sitt Noreg i dansketida frÄ 1987 hevda to sentrale historikarar, Sverre Bagge og Knut Mykland, at omgrepet dansketida var i ferd med Ä gÄ ut av bruk til fordel for det nÞytrale «foreiningstida». Dei hevda at nye sosiale mÞnster og andre emne i kulturdebatten gjorde omgrepet utdatert. Uttrykket har derimot halde seg levande i den norske offentlegheita inn i 2000-talet, bÄde som ei objektiv formulering for perioden og som ei retorisk vending for Ä kritisere moderne politisk sentralisering, gjerne i overnasjonale samanslutningar som EU.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktÞr svarar nÄr dei kan. Det kan ta tid fÞr du fÄr svar.

Du mÄ vere logga inn for Ä kommentere.

eller registrer deg