Futurum er ei grammatisk form — som regel ei verbform — som plasserer ein situasjon i framtida, det vil seie etter taletidspunktet. Eit norsk eksempel er skal reise, som i Vi skal reise til Syden i morgon.

Faktaboks

Uttale

futurum

Etymologi
av latin futĆ«rum ‘som skal bli’, futurum partisipp av esse 'vere

Futurum er eit tempus

Futurum hÞyrer heime i den grammatiske kategorien tempus, som er «grammatisk tid».

I mange sprÄk stÄr futurum i motsetnad til presens (samtidig med taletidspunktet) og preteritum (fÞr taletidspunktet). Dette er vanleg i europeiske sprÄk.

I andre sprÄk stÄr futurum berre i motsetnad til ikkje-futurum, som kan vere bÄde samtidig med eller fÞr taletidspunktet. Dette systemet finn ein mellom anna i grÞnlandsk.

Tempus knytt til verb og substantiv

Tempus er som regel nÊr knytt til verbet, og er ofte uttrykt gjennom verbbÞying, som vist i desse eksempla frÄ latin og fransk:

latin fransk norsk
preteritum Herī plƫvit. Il plut hier. Det regnde i gÄr.
presens Hodiē pluit. Il pleut aujourd’hui. Det regner i dag.
futurum Crās pluet. Il pleuvra demain. Det kjem til Ä regne i morgon.

I det franskbaserte kreolsprÄket haitisk blir ikkje verbet bÞygt, og futurum blir uttrykt gjennom smÄord (partiklar) som stÄr fÞre verbet, som pral (nÊr futurum), ap (sikker futurum) og a (eventuell futurum):

  • M' pral vini demen maten. 'Eg kjem i morgon tidleg.'
  • M' ap vini kanmenm. 'Eg kjem i alle hĂžve.'
  • M' a vini si m' gen tan. 'Eg kjem om eg har tid.'

Men det finst ĂČg sprĂ„k der substantivet har tempusbĂžying, mellom anna nokre amerikanske urfolksprĂ„k. I barbareño-tsjumasjisk, som blei tala i Santa Barbara-omrĂ„det i California fram til 1960-talet, blei futurum uttrykt med prefikset saʔ- ved bĂ„de verb og substantiv:

  • VERB: k-saʔ-ip 'eg skal seie'
  • SUBSTANTIV: hoʔ-k-saʔ-ap 'det framtidige huset mitt'

OgsÄ grÞnlandsk uttrykkjer futurum ved bÞying av bÄde verb og substantiv. Her er nokre eksempel pÄ futurum ved substantiv, uttrykt med suffikset -ssaq:

  • annoraaq 'anorakk' ⇒ annoraassaq 'framtidig anorakk' eller 'stoff til Ă„ lage anorakk av'
  • illu 'hus' ⇒ illussaq 'framtidig hus' eller 'huset der eg skal bu'

Futurum i norsk

I norske grammatikkar er det tradisjon Ä setje opp perifrastiske konstruksjonar med verbet vilje eller skulle pluss ein infinitiv som «futurum», til dÞmes i setninga det vil regne. Denne skikken skriv seg truleg frÄ eit gamalt Þnske om Ä ta med like mange former i ein norsk grammatikk som i ein latinsk grammatikk. Her er ei jamfÞring mellom tradisjonell og moderne norsk grammatisk terminologi knytt til futurum:

tradisjonelle termar moderne termar dĂžme
fyrste futurum / futurum simplex presens futurum skal reise
andre futurum / futurum exactum presens perfektum futurum vil ha reist

Norsk har eigentleg ikkje eintydige futurumformer av verbet, pÄ den mÄten som vi har presens- og preteritum-former. I staden for det vil regne i morgon kan vi mellom anna seie det kjem til Ä regne i morgon. Ofte brukar vi den forma av verbet som stÄr oppfÞrt i norske grammatikkar som «presens»:

  • Dersom det regner i morgon, reiser eg ikkje til byen.

Her viser bÄde regner og reiser til framtidige situasjonar, akkurat som i dei samiske sprÄka (sjÄ avsnittet Futurum i samisk nedanfor) og finsk.

I vilkÄrssetninga dersom det regner i morgon kan vi ikkje byte ut regner med vil regne eller kjem til Ä regne: Dersom det vil regne i morgon, 
 eller Dersom det kjem til Ä regne i morgon, 
 er ikkje god norsk. I slike samanhengar uttrykkjer verbet vilje nettopp Þnske eller vilje: Dersom du vil kome i morgon, reiser eg ikkje til byen tyder ikkje det same som Dersom du kjem i morgon, reiser eg ikkje til byen.

I norske dialektar finst det fleire mÄtar Ä uttrykkje futurum pÄ enn dei som er vanlege i skriftsprÄka vÄre. I Nord-Noreg er det til dÞmes vanleg Ä seie Eg blir Ä reise til byen i morgon.

Futurum i samisk

I samisk — og finsk — blir verbformene som til vanleg gĂ„r under namnet «presens» — eigentleg ikkje-preteritum — nytta om bĂ„de notidige og framtidige situasjonar, i motsetnad til preteritum, som i desse nordsamiske dĂžma, med verbet arvit ‘regne’; arvvii er preteritum og arvĂĄ er ikkje-preteritum:

  • Arvvii ikte. ‘Det regnde i gĂ„r.’
  • ArvĂĄ odne. ‘Det regner i dag.’
  • ArvĂĄ ihttin. ‘Det kjem til Ă„ regne i morgon.’

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktÞr svarar nÄr dei kan. Det kan ta tid fÞr du fÄr svar.

Du mÄ vere logga inn for Ä kommentere.

eller registrer deg