Kunsten Ä lage byggjestein av brend leire er over 5000 Är gammal. Bibelen gjev oss ein tidleg dokumentasjon pÄ bruk av tegl, i FÞrste Mosebok 11,3: «Dei sa til kvarandre: 'Kom, lat oss laga teglstein og brenna han vel!' Dei bruka tegl til murstein og jordbek til kalk.» Tidlege dÞme pÄ teglbyggverk er Babels tÄrn (rundt 2100 fvt.) og Ishtarporten i Babylon (rundt 575 fvt.). OgsÄ grekarane og romarane brukte tegl i antikken.
FrÄ mellomalderen (rundt 1250) vart det brukt tegl i Noreg, hovudsakleg pÄ Austlandet, og ofte saman med naturstein. Restar av mellomalderteglverk er funne i Oslo, Trondheim, TÞnsberg og ved Valdisholm.
Norsk leire gav ved brenning raude teglsteinar, og ein brukte tilsetjingsstoff for Ä oppnÄ lysare eller mÞrkare valÞrar. PÄ 1700-talet brukte ein i Noreg teglstein i formater omkring 105x220x45 mm. Det var eit vanleg format i Nederland og Danmark frÄ 1600-talet, pÄ dansk kalla «flensborgsten». DÄ norske teglverk kom i gang omkring 1750, valde dei det same formatet, ofte med mindre avvik. Dette formatet med fuge gjev i murverket proporsjonane 4:2:1, som gjer at stein pÄ hÞgkant passar til bÄde to og fire skifthÞgder. Slottet i Oslo, som vart mura opp i 1830-Ära, var kan hende den stÞrste byggjeoppgÄva i Noreg sidan mellomalderen, og dei fleste teglverk pÄ Austlandet mÄtte levere stein. Arkitekt Linstow valde det meir Þkonomiske formatet 108x228x62, som gjev raskare framdrift. Det vart etter kvart ein uoffisiell norsk standard med namnet «Slotstegl». Seinare kom formatet 110x230x65, eit lÄn frÄ Tyskland.
Christiania fekk murtvang i 1624 og har difor hatt fleire hus av tegl enn andre norske byar. Mange hus frÄ 1600-talet vart bygde med tegl frÄ Nederland, som har gul lauparside og raud koppside. Ved muring med kryssforband, som var vanleg pÄ den tida, vart lauparskifta for det meste gule og koppskifta raude. Folk i byen likte stripeeffekten og forsterka han ofte med gul og raud kalkfarge. Slik tegl vart brukt i Oslo Domkyrkje og mange store byhus, og stripene har ofte vorte feiltolka som resultat av muring med raud og gul tegl i annakvart skift.
Industriell teglproduksjon i Noreg har vore konsentrert til Fredrikstad og Sarpsborg, Oslo, Romerike, Drammensfjorden, Sandnes og Trondheimsfjorden. Fram til slutten av 1800-talet vart det brent tegl pÄ ei rekkje smÄe gardsteglverk mange stader i landet.
Bratsberg teglverk i Lunde i Telemark vart nedlagt i 2014, som det siste av dei norske teglverka.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktÞr svarar nÄr dei kan. Det kan ta tid fÞr du fÄr svar.
Du mÄ vere logga inn for Ä kommentere.