1906
Utsjånad
| 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1906 (romartal MCMVI) var eit normalår som byrja på ein måndag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein sundag i den julianske kalenderen.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]
Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 30. januar: Frederik 8. blei konge av Danmark.
- 10. februar: Det nyskapande slagskipet HMS «Dreadnought» blei døypt i Portsmouth i England av kong Edvard VII.
- 10. mars: Gruveulukka i Courrières. Ein eksplosjon i ei kolgruve nord i Frankrike drap 1 060 arbeidarar.[1] Dette er den største gruveulukka i europeisk historie.
- 18. april: Jordskjelvet i San Francisco. Store delar av San Francisco blei ramma av eit jordskjelv med truleg styrke 7,8 på Richters skala. Rundt 450 døydde.
- 31. mai: Mateu Morral forsøkte å drepa kong Alfonso XIII av Spania og dronning Victoria Eugenie på bryllaupsdagen deira med ei bombe gøymd i ein blomebukett. I staden døydde 24 tilskodarar.[2]
- 7. juni: Cunard Line-skipet RMS «Lusitania» blei sjøsett i Glasgow som det største skipet i verda.
- 26. juni: Det fyrste first Grand Prix-løpet for bilar blei halde i Le Mans i Frankrike.
- 16. august: Jordskjelvet i San Valparaíso, med ein magnitude på 8,2, la Valparaíso i Chile i ruinar og forårsaka ein tsunami. Nær 4 000 omkom og kring 20 000 blei skadde.
- Eit jordskjelv med ein estimert magnitude på 8,35 fann stad utanfor Rat Islands i Alaska. Staden det skjedde på var så aude at det ikkje blei rapportert om nokon døde.
- 11. september: Mahatma Gandhi innførte omgrepet «satyagraha» om ikkjevald-rørsla i Sør-Afrika.
- 18. september: Ein tyfon og tsunami drap rundt 10 000 menneske i Hong Kong.[3]
- 20. september: RMS «Mauretania» blei sjøsett på Tyne i England som det største skipet i verda.
- Bambatha-opprøret braut ut i Zululand.
- Lee De Forest fann opp trioden.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]
- 22. juni: Kong Haakon og dronning Maud blei krona i Nidarosdomen.
- 4. september: Roald Amundsen segdle med «Gjøa» gjennom Nordvestpassasjen.
- Det britiske føretaket The Sun Gas Company bygde smelteverk på Odda.
- Noregs Mållag blei skipa.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde i 1906.
- 9. januar: Leif Andreas Larsen, norsk marineoffiser
- 14. april: Gutorm Gjessing, norsk etnograf
- 22. juni: Billy Wilder, austerriksk-amerikansk filmskapar
- 25. september: Dmitrij Sjostakovitsj, russisk komponist.
- 14. oktober: Hannah Arendt, tysk-amerikansk filosof
- 13. november: Torborg Nedreaas, norsk forfattar
- 1. desember: Jakob Sande,, norsk forfattar
- 19. desember: Leonid Brezjnev, leiar av Sovjetunionen
Døde
[endre | endre wikiteksten]
- Sjå òg Døde i 1906.
- 29. januar: Kristian IX av Danmark
- 21. mars: Carl von Siemens, tysk industrileiar
- 1. april: Johannes Steen, norsk statsminister
- 6. april: Alexander Kielland, norsk forfattar
- 5. mai: Fredrik Waldemar Hvoslef, norsk prest
- 23. mai: Henrik Ibsen, norsk forfattar
- 4. september: Walter Scott Dahl, norsk
- 2. oktober: Ravi Varma, indisk kunstmålar
- 5. november: Frits Thaulow, norsk målar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Stephen J. Spignesi (2004). Catastrophe!: The 100 Greatest Disasters Of All Time. s. 168ff. ISBN 9780806525587.
- ↑ Avrich, Paul (1980). «The Martyrdom of Ferrer». The Modern School Movement: Anarchism and Education in the United States. Princeton: Princeton University Press. s. 27–28. ISBN 0-691-04669-7. OCLC 489692159.
- ↑ «Hongkong Typhoon». Auckland Star. Vol. 37, no. 244. New Zealand. 1906-10-19. s. 5. Arkivert frå originalen den 30. desember 2017. Henta 2017-12-30. «Over 1,000 bodies are recovered, but cabled statements are verified that the number of lives lost totalled about 10,000.» Retrieved via Papers Past.
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>