Hopp til innhald

Aqualung

FrĂ„ Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aqualung
Studioalbum av Jethro Tull
SprÄk engelsk
Utgjeve 19. mars 1971
Innspelt Desember 1970 – februar 1971
Studio Island Studios i Basing Street i London
Sjanger Progressiv rock, folkrock, hardrock
Lengd 42:55
Selskap Chrysalis/Island (Europa)
Reprise (Amerika, Japan og Oceania)
Produsent Ian Anderson, Terry Ellis
Jethro Tull-kronologi 
Benefit
(1970)
Aqualung Thick as a Brick
(1972)


Singlar frÄ Aqualung
  1. «Hymn 43»
    Utgjeve: Juli 1971
  2. «Locomotive Breath»
    Utgjeve: 1971 (USA og Europa, utanom Storbritannia)

Aqualung er det fjerde studioalbumet til rockebandet Jethro Tull. Det kom ut i 1971 og vart, sjÞlv om bandet var usamd, kalla eit konseptalbum med tema kring skilnaden mellom religion og Gud, hovudsakleg korleis organisert religion hadde avgrensa forholdet mellom menneske og Gud.[1] PÄ albumet vert det grubla hartd over tru og religion og er eit av dei mest intelektuelle albuma som har nÄdd ut til millionar av lyttarar.[2] Suksessen til Aqualung var eit vendepunkt i karrieren til bandet og dei vart eit stort radio- og konsertband.

Det vart spelt inn i Island Records sine studio i London og var det fÞrste albumet med John Evan som fulltidsmedlem og det fÞrste med den nye bassisten Jeffrey Hammond, samt det siste med Clive Bunker pÄ trommer. Albumet skil seg noko frÄ dei tidlegare albuma til bandet og har fleire akustiske songar enn fÞr og har fleire tilbakevendande tema inspirert av bilete av heimlause folk ved Themsen, som var teken av kona til songaren Ian Anderson, Jennie.

Aqualung har seld over 7 millionar eksemplar verda over og er dermed det bestseljande albumet til Jethro Tull. Det har generelt fÄtt god kritikk og er ofte inkludert pÄ musikkmagasina sine ymse lister over beste album. Det vart gjeve ut ein singel frÄ albumet, «Hymn 43», som har vorte omtalt som ei inspirasjonskjelde for band som Iron Maiden.

Produksjon

[endre | endre wikiteksten]

Etter ein amerikansk turne i 1970, fekk bassist Glenn Cornick sparken frĂ„ bandet,[3] og vart erstatta av Jeffrey Hammond, ein gammal ven av Ian Anderson.[4] Aqualung vart den fĂžrste innspelinga til Hammond med bandet. Det var ĂČg fĂžrste gongen John Evan var med som fulltidsmedlem i bandet, og tidlegare hadde han berre lagt oppĂ„ klaverinstrument pĂ„ det fĂžrre albumet , Benefit. Albumet var eit av dei fĂžrste som vart spelte inn i det nyopna studioet til Island Records i Basing Street i London. Led Zeppelin spelte inn det fjerde albumet sitt samstundes. I eit intervju pĂ„ 25-Ă„rsjubileumsutgĂ„va til albumet sa frontmann Ian Anderson at det var sĂŠrs vanskeleg Ă„ spele inn i dette studioet, fordi det hadde ei «frykteleg, kald og ekko-aktig» kjensle.[5] Det var to platestudio pĂ„ staden. Led Zeppelin arbeidde i det minste og Tull i det stĂžrste,[6] som var rommet i ei omgjort kyrkje. Orkesteret vart arrangert av David Palmer, som hadde arbeidd med bandet sidan This Was, og som seinare vart fast medlem i bandet pĂ„ klaverinstrument. Aqualung var det siste albumet med Clive Bunker pĂ„ trommer, sidan han slutta kort tid etter innspelinga var over for Ă„ vere meir med familien sin.[5]

Musikalsk stil

[endre | endre wikiteksten]

Songane pĂ„ albumet dekkjer fleire sjangrar, med element av folk, blues, psykedelia og hardrock.[7] Dei «rifftunge» songane som «Locomotive Breath», «Hymn 43» og «Wind Up» vert rekna som ein faktor til at bandet fekk sĂ„ stor suksess med albumet og gjorde Jethro Tull til eit av dei stĂžrste banda pĂ„ denne tida.[2] Stilmessig skil albumet seg frĂ„ tidlegare Jethro Tull-album og mange av songane pĂ„ Aqualung er hovudsakleg akustiske. «Cheap Day Return», «Wond'ring Aloud» og «Slipstream» er korte, heilakustiske «mellomspel» og «Mother Goose» er ĂČg hovudsakleg akustisk. Anderson hevda at den stĂžrste inspirasjonskjelda hans for Ă„ skrive albumet var Roy Harper og Bert Jansch.[5]

Aqualung vert ofte rekna som eit konseptalbum der det sentrale temaet er «skilnaden mellom religion og Gud».[1]

Den opphavlege ideen til albumet kom frÄ nokre fotografi som kona til Anderson, Jennie hadde teke av heimlause folk ved Themsen. SÊrleg ein mann fanga interessen til paret, som i lag skreiv tittelsongen «Aqualung».[8] Den fÞrste sida av LPen, kalla Aqualung, innheled fleire personskildringar, inkludert personen i tittelsporet, og ei prostituert skulejente, «Cross-Eyed Mary», samt to sjÞlvbiografiske spor, som «Cheap Day Return», skriven av Ian Anderson etter Ä ha vitja den alvorleg sjuke faren.[9] Den andre sida, med tittelen My God, inneheld tre songar - «My God», «Hymn 43» og «Wind-Up», som omhandlar religion i ein sjÞlvgranskande, og stundom uÊrbÞdig, mÄte. Trass i namna gjevne til dei to sidene av albumet har Anderson heile tida hevda at Aqualung ikkje er eit konseptalbum. I eit intervju som finst pÄ Aqualung Live i 2005 snakkar Anderson om dette:

Eg sa alltid pÄ den tida at dette ikkje er eit konseptalbum; det er berre eit album med forskjellige songar med forskjellige instrument og intensitet, der tre eller fire av dei er hovudstykka for albumet, men det gjer det ikkje til eit konseptalbum. DÄ eg skulle skrive det neste albumet, Thick as a Brick, sÄ vart det gjort litt slik at: 'HÞh, om dei trudde Aqualung var eit konseptalbum, vel, ok, dÄ skal me gje dei eit konseptalbum.' SÄ det var ein slags parodi pÄ konseptalbumsjangeren ... men sjÞlve Aqualung syns eg aldri har vore eit konseptalbum. Berre i samling songar.[10]

Trommeslagar Clive Bunker meiner at synet pÄ plata som eit konseptalbum berre var eit tilfelle av «kviskreleiken», og sa at «du spelar plata til eit par amerikanarar, fortel dei at det er eit tekstmessig tema som laust knyter saman nokre av songane, og sÄ ser Aqualung-karakteren pÄ plateomslaget, og brÄtt sÄ har Jethro Tull laga eit konseptalbum.»[5]

Andre songar

[endre | endre wikiteksten]

«Lick Your Fingers Clean» vart spelt inn for Aqualung, men kom ikkje med pÄ den endelege utgÄva. Songen vart drastisk omarbeidd til «Two Fingers» for albumet War Child i 1974. «Lick Your Fingers Clean» vart til slutt gjeven ut i 1988 pÄ 20 Years of Jethro Tull og sidan som bonusspor pÄ 1996-utgÄva av Aqualung.

Ein annan song, «Wond'ring Again», vart spelt inn tidleg i 1970, men kom heller ikkje med pĂ„ den endelege utgjevinga. Denne kom etter kvart ut pĂ„ samlealbumet Living in the Past i 1972. Delar av songen er inkludert pĂ„ Aqualung som «Wond'ring Aloud». Glenn Cornick spelte bass pĂ„ songen og sa det var favorittsongen hans av dei han spelte inn med bandet.[5] Cornick spelte ĂČg bass pĂ„ tidlege studioutgĂ„ver av «My God» og nokre andre songar, men han sa ikkje kva andre desse var.[5]

Plateomslaget

[endre | endre wikiteksten]

Det originale plateomslaget vart laga av Burton Silverman og bestÄr av ein akvarell av ein langhÄra, skjeggete mann i fattigslege klede. Ideen til omslaget kom frÄ eit fotografi kona til Anderson tok av ein heimlaus mann ved breidda av Themsen, og Anderson fÞlte seinare det hadde vore betre om dei hadde nytta fotografiet i staden for Ä bestille mÄleriet.[8] Ian Anderson hugsar at han var modell pÄ eit fotografi for mÄleriet, men i fÞlgje Silverman er det eit sjÞlvportrett. Kunstverket vart bestilt og kjÞpt av sjef i Chrysalis Records, Terry Ellis.

I april 1971 nÄdde Aqualung fjerdeplassen pÄ den britiske albumlista, og dÄ CD-versjonen vart gjeven ut i 1996 nÄdde denne 52. plass.[11] Det nÄdde sjuandeplassen pÄ Billboard-lista i USA, medan singelen «Hymn 43» nÄdde 91. plass pÄ Billboard Hot 100.[12] Albumet har seld over sju millionar eksemplar og er det bestseljande albumet til bandet.[13] Aqualung var eit av to Jethro Tull-album som vart gjeven ut i kvadrofonisk lyd, i tillegg til War Child. Den kvadrofoniske versjonen av «Wind Up», som ligg i ein hÞgare toneart, finst pÄ seinare CD-utgÄver som «Wind Up (quad version)».[13]

Albumet vart gjeve ut i ei 40-ÄrsjubileumsutgÄve i oktober 2011. Denne utgÄve inneheld ein ny stereo- og ein 5.1 kringlydmiks av albumet laga av Steven Wilson frÄ Porcupine Tree. Det kom i forskjellige utgÄver - ein «samleutgÄve» med albumet pÄ ein LP og to CDar, samt DVD og Blu-ray med ei lita bok, og ei «spesialutgÄve» med to CDar og ei bok.[14]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars [15]
Christgau's Record GuideC+[16]
MusicHound Rock4/5[17]
PopMatters10/10 stars[18]
Record Collector4/5 stars[19]
The Rolling Stone Album Guide3.5/5 stars[20]
Zagat Survey Music Guide - 1,000 Top Albums of All Time5/5 stars [17]
The Daily VaultA[21]

DÄ Aqualung kom ut fekk det gode meldingar. Rolling Stone hylla det gode musikalske handverket og kalla det seriÞst og intelligent, men fÞlte at det seriÞse ved albumet undergravde kvaliteten.[1] Sounds sa at «smaken og variasjonen» gjorde det til det beste albumet til bandet.[22] Robert Christgau var meir kritisk til albumet og gav det C+, og kalla tekstane til Anderson ufullstendige og pretensiÞse.[23]

EttermĂŠle

[endre | endre wikiteksten]

Allmusic gav albumet 4,5 av 5 og kalla det «eit modig bodskap» og «ekstremt djupt».[2] Steve Harris, bassisten i heavy metal-bandet Iron Maiden, har kalla Aqualung «eit klassisk album» og hylla «den fantastiske spelinga, dei fantastiske songane, haldninga og kjensla». Iron Maiden spelte sidan inn «Cross-Eyed Mary» som B-sida til singelen deira «The Trooper» i 1983.[5] Sean Murphy melde 40-Ă„rsutgĂ„va albumet for PopMatters og gav albumet ti av ti. Murphy skreiv at Aqualung «er utan tvil ein hjĂžrnestein i den dĂ„ byrjande prog-rock-kanonen, men det stod og stĂ„r framleis pĂ„ eigne bein som eit storarta rockealbum, punktum.» Murphy roste ĂČg tilleggsmaterialet i denne utgjevinga.[24]

Aqualung finst ĂČg pĂ„ mange albumlister. Rolling Stone inkluderte albumet pĂ„ lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene, pĂ„ ein 337. plass,[25] medan det britiske magasinet Q sette det pĂ„ sjuandeplassen pĂ„ lista over «40 Cosmic Rock Albums».[26][27] Soloen til Martin Barre pĂ„ tittelsporet vart av magasinet Guitarist rekna som den 20. beste gitarsoloen gjennom tidene.[28]

Alle spor skrivne av Ian Anderson, bortsett frÄ der anna er nemnd

Side ein - Aqualung
Nr.TittelLengd
1.«Aqualung» (Ian Anderson, Jennie Anderson)6:34
2.«Cross-Eyed Mary»4:06
3.«Cheap Day Return»1:21
4.«Mother Goose»3:51
5.«Wond'ring Aloud»1:53
6.«Up to Me»3:15
Side to - My God
Nr.TittelLengd
1.«My God»7:08
2.«Hymn 43»3:14
3.«Slipstream»1:13
4.«Locomotive Breath»4:23
5.«Wind-Up»6:01

CD-utgÄva frÄ 1996

[endre | endre wikiteksten]
Bonusspor pÄ 1996- og 1999-utgÄva
Nr.TittelLengd
12.«Lick Your Fingers Clean»2:46
13.«Wind Up (Quad Version)»5:24
14.«Excerpts From the Ian Anderson Interview» (Mojo Magazine)13:59
15.«A Song For Jeffrey» (BBC)2:51
16.«Fat Man» (BBC)2:57
17.«Bourée» (BBC, skriven av Ian Anderson, Johann Sebastian Bach)3:58

40-ÄrsjubileumsutgÄva

[endre | endre wikiteksten]
Nymiksen frÄ 2011 og ommastra versjon av Steven Wilson:
Nr.TittelLengd
12.«Lick Your Fingers Clean»2:49
13.«Just Trying to Be»1:37
14.«My God (Early Version)»9:42
15.«Wond'ring Aloud (13th desember 1970)»1:51
16.«Wind Up (Early Version)»5:21
17.«Slipstream (Take 2)»0:54
18.«Up the 'Pool (Early Version)»1:12
19.«Wond'ring Aloud, Again (Full Morgan Version)»7:07
20.«Life Is a Long Song»3:19
21.«Up the 'Pool (New Mix)»3:12
22.«Dr. Bogenbroom»3:00
23.«For Later»2:08
24.«Nursie»1:37
25.«US Radio Spot»0:52

Utvida 40-ÄrsjubileumsutgÄve frÄ 2016

[endre | endre wikiteksten]

2016-utgÄva vart ommastra av Steven Wilson frÄ dei nye miksane hans frÄ 2011, sidan han ikkje var nÞgd med mastringa til Peter Mew.

CD 2: Steven Wilson-masteer med innspelingar frÄ 1970-1971 og nye stereomiksar av spor 1-10
Nr.TittelLengd
1.«Lick Your Fingers Clean»2:49
2.«Just Trying to Be»1:38
3.«My God» (tidleg versjon)9:43
4.«Wond'ring Aloud» (13. desember 1970, den andre kjende versjonen av denne songen)1:52
5.«Wind-Up» (tidleg versjon)5:22
6.«Slipstream» (Take 2)0:55
7.«Up the 'Pool» (tidleg versjon)3:13
8.«Wond'ring Aloud, Again» (21. juni 1970)
  • Den fĂžrste innspelinga av denne songen, bestĂ„r av:
    • a. Wond'ring Aloud (den fĂžrste versjonen av Wond'ring Aloud)
    • b. Wond'ring Again (Part II av Wond'ring Alound, opphavleg gjeven ut pĂ„ Living in the Past)
7:08
9.«Life is a Long Song»3:20
10.«Up the 'Pool»3:13
11.«Life is a Long Song» (Original EP Flat Transfer)3:21
12.«Up the 'Pool» (Original EP Flat Transfer)3:13
13.«Dr. Bogenbroom» (Original EP Flat Transfer)3:01
14.«From Later» (Original EP Flat Transfer)2:09
15.«Nursie» (Original EP Flat Transfer)1:38
16.«Reprise Radio Advert»0:53
DVD 1: Steven Wilson 5.1 kringlyd- og steroemiks av albumet og andre innspelingar
Nr.TittelLengd
1.«Aqualung» (5.1 kringlydmiks)6:38
2.«Cross-Eyed Mary» (5.1 kringlydmiks)4:11
3.«Cheap Day Return» (5.1 kringlydmiks)1:23
4.«Mother Goose» (5.1 kringlydmiks)3:53
5.«Wond'ring Aloud» (5.1 kringlydmiks)1:56
6.«Up to Me» (5.1 kringlydmiks)3:17
7.«My God» (5.1 kringlydmiks)7:13
8.«Hymn 43» (5.1 kringlydmiks)3:19
9.«Slipstream» (5.1 kringlydmiks)1:13
10.«Locomotive Breath» (5.1 kringlydmiks)4:42
11.«Wind-Up» (5.1 kringlydmiks)6:00
12.«Aqualung» (stereomiks)6:38
13.«Cross-Eyed Mary» (stereomiks)4:11
14.«Cheap Day Return» (stereomiks)1:23
15.«Mother Goose» (stereomiks)3:53
16.«Wond'ring Aloud» (stereomiks)1:56
17.«Up to Me» (stereomiks)3:17
18.«My God» (stereomiks)7:13
19.«Hymn 43» (stereomiks)3:19
20.«Slipstream» (stereomiks)1:13
21.«Locomotive Breath» (stereomiks)4:42
22.«Wind-Up» (stereomiks)6:00
23.«Lick Your Fingers Clean» (5.1 kringlydmiks)2:49
24.«Just Trying to Be» (5.1 kringlydmiks)1:38
25.«My God» (tidleg versjon) (5.1 kringlydmiks)9:43
26.«Wind-Up» (tidleg versjon) (5.1 kringlydmiks)5:22
27.«Wond'ring Aloud, Again» (5.1 kringlydmiks)7:08
28.«Life is a Long Song» (5.1 kringlydmiks)3:20
29.«Up the 'Pool» (5.1 kringlydmiks)3:13
30.«Lick Your Fingers Clean» (stereomiks)2:49
31.«Just Trying to Be» (stereomiks)1:38
32.«My God» (tidleg versjon) (stereomiks)9:43
33.«Wond'ring Aloud» (13. desember 1970) (stereomiks)1:52
34.«Wind-Up» (tidleg versjon) (stereomiks)5:22
35.«Slipstream» (Take 2) (stereomiks)0:55
36.«Up the 'Pool» (tidleg versjon) (stereomiks)3:13
37.«Wond'ring Aloud, Again» (stereomiks)7:08
38.«Life is a Long Song» (stereomiks)3:20
39.«Up the 'Pool» (stereomiks)3:13
DVD 2: Flat overfĂžring av originalalbumet og EP i stereo og kvadrofonisk miks og promofilmen Life is a Long Song med nymiksa musikk
Nr.TittelLengd
1.«Aqualung» (Original stereomiks)6:38
2.«Cross-Eyed Mary» (Original stereomiks)4:11
3.«Cheap Day Return» (Original stereomiks)1:23
4.«Mother Goose» (Original stereomiks)3:53
5.«Wond'ring Aloud» (Original stereomiks)1:56
6.«Up to Me» (Original stereomiks)3:17
7.«My God» (Original stereomiks)7:13
8.«Hymn 43» (Original stereomiks)3:19
9.«Slipstream» (Original stereomiks)1:13
10.«Locomotive Breath» (Original stereomiks)4:42
11.«Wind-Up» (Original stereomiks)6:00
12.«Aqualung» (Original kvadrofonisk miks)6:38
13.«Cross-Eyed Mary» (Original kvadrofonisk miks)4:11
14.«Cheap Day Return» (Original kvadrofonisk miks)1:23
15.«Mother Goose» (Original kvadrofonisk miks)3:53
16.«Wond'ring Aloud» (Original kvadrofonisk miks)1:56
17.«Up to Me» (Original kvadrofonisk miks)3:17
18.«My God» (Original kvadrofonisk miks)7:13
19.«Hymn 43» (Original kvadrofonisk miks)3:19
20.«Slipstream» (Original kvadrofonisk miks)1:13
21.«Locomotive Breath» (Original kvadrofonisk miks)4:42
22.«Wind-Up» (Original kvadrofonisk miks)6:00
23.«Life is a Long Song» (Original stereomiks)3:21
24.«Up the 'Pool» (Original stereomiks)3:13
25.«Dr. Bogenbroom» (Original stereomiks)3:01
26.«From Later» (Original stereomiks)2:09
27.«Nursie» (Original stereomiks)1:38
28.«Life is a Long Song video» 

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
Jethro Tull
Andre medverkande
  • Glenn Cornick – bassgitar (spelte med bandet pĂ„ Ăžvingar for albumet i juni 1970 og kan ha vore pĂ„ somme innspelingar - sĂŠrleg dei tidlege versjonane av «My God» og «Wondring Again/Wondring Aloud» – sjĂžlv om han ikkje er oppfĂžrt pĂ„ albumet)
  • John Burns – lydteknikar
  • David Palmer – orkesterarrangement og dirigering
  • Burton Silverman – plateomslag
  • Terry Ellis – leiande produsent

Salslister

[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1971Australske Album (Kent Music Report) [29] 3
1971Den danske albumlista (Sporlisteen)[30] 3
1971Kanadiske album (RPM) [31] 5
1971Tyske album (Media Control)[32] 5
1997Tyske album (Media Control)[33]
1996 re-release
44
1971Italienske album (FIMI) [34] 2
1971Norske album (VG-lista)[35] 3
1971UK Albums Chart (OCC) [36] 4
1996UK Albums Chart (OCC) [36]
1996 re-release
53
1971US Billboard 200 [37] 7

År Singel Liste Plassering
1971 «Hymn 43» RPM100 Singles (Canada) [38] 86
Billboard Hot 100 (USA) [37] 91

Salstrofé

[endre | endre wikiteksten]
Land Organisasjon År Sal
USA RIAA 1989 3x Platinum (+ 3 000 000) [39]
Tyskland BVMI 2008 Gull (+ 250 000) [40]
UK BPI 2013 Gull (+ 100 000) [41]
Publikasjon Land Form År Rangering
The Village Voice US The 1971 Pazz & Jop Critics Poll [42] 1972 22
Classic Rock UK The 100 Greatest Rock Albums of All Time [20] 2001 30
Rolling Stone USA 500 Greatest Albums of All Time [20] 2003 337
The 100 Best-Selling Albums of the 70s UK [43] 2004 90
Q UK 40 Cosmic Rock Albums [27][44] 2005 7
1001 Albums You Must Hear Before You Die US [45] 2005 No order
Guitarist UK The 20 Greatest Guitar Solos of All Time [28] 2011 20
Prog UK The 100 Greatest Prog Albums of All Time [46] 2014 43
  • Denne artikkelen bygger pĂ„ «Aqualung (Jethro Tull album)» frĂ„ Wikipedia pĂ„ engelsk, den 17. september 2012.
  • Covach, John; Spicer, Mark (2010). Sounding Out Pop: Analytical Essays in Popular Music. University of Michigan Press. ISBN 978-0-472-03400-0.
  • DeRogatis, Jim (2003). Turn on your mind: four decades of great psychedelic rock. Hal Leonard Corporation. ISBN 978-0-634-05548-5.
  • Letts, Marienne Tatom (2010). Radiohead and the Resistant Concept Album: How to Disappear Completely. Indiana University Press. ISBN 978-0-253-22272-5.
  • Nollen, Scott Allen (2001). Jethro Tull: a history of the band, 1968-2001. McFarland & Company. ISBN 0-7864-1101-5.
  1. 1 2 3 Ben Gerson (22 juli 1971). «Aqualung by Jethro Tull: Rolling Stone Music». Rolling Stone. Henta 15. september 2012.
  2. 1 2 3 Bruce Eder. «Aqualung - Jethro Tull: Allmusic». Allmusic. Henta 15. september 2012.
  3. ↑ Scott Allen Nollen (2002). Jethro Tull: a history of the band, 1968-2001. McFarland. s. 61. Henta 15. september 2012.
  4. ↑ Scott Allen Nollen (2002). Jethro Tull: a history of the band, 1968-2001. McFarland. s. 63. Henta 15. september 2012.
  5. 1 2 3 4 5 6 7 Lawson, Dom; Donlevy, Michael (2011). «The Last Gasp». Classic Rock Presents Prog (15). Classic Rock: 34–45.
  6. ↑ «Their Time is Gonna Come». Classic Rock. Classic Rock Presents Led Zeppelin: 24. 2008.
  7. ↑ Scott Allen Nollen (2002). Jethro Tull: a history of the band, 1968-2001. McFarland. s. 66. Henta 15. september 2012.
  8. 1 2 Scott Allen Nollen (2002). Jethro Tull: a history of the band, 1968-2001. McFarland. s. 64. Henta 15. september 2012.
  9. ↑ Nollen, p.67
  10. ↑ (2005) Plateomslagstekst for A Different Kettle of Very Different Fish av Jethro Tull [Track 16]. RandM Records.
  11. ↑ «Jethro Tull | Artist | Official Charts». The Official Charts Company. Henta 15. september 2012.
  12. ↑ «Hymn 43 - Jethro Tull: Billboard.com». Billboard. Arkivert frĂ„ originalen 2011-04-07. Henta 15. september 2012. {{cite web}}: Invalid |deadurl=no (hjelp)
  13. 1 2 «Aqualung - The Official Jethro Tull Website». Jethro Tull. Henta 15. september 2012.[daud lenkje]
  14. ↑ Anderson, Ian. «Aqualung 40th Anniversary Collector's and Special Editions». Henta 15. september 2012.[daud lenkje]
  15. ↑ Eder, Bruce. «Jethro Tull - Aqualung review». AllMusic. All Media Network. Henta 3. mai 2019.
  16. ↑ Christgau 1981, s. 1981.
  17. 1 2 «Aqualung - Jethro Tull». Superseventies.com. Henta 3. mai 2019.
  18. ↑ Murphy, Sean (9. desember 2011). «Jethro Tull: Aqualing (40th Anniversary Special Edition)». PopMatters. Henta 3. mai 2019.
  19. ↑ Rathbone, Oregano (December 2011). «Jethro Tull - Aqualung: 40th Anniversary Collector's Edition». Record Collector. Henta 3. mai 2019. {{cite web}}: Italic or bold markup not allowed in: |publisher= (hjelp)
  20. 1 2 3 «Jethro Tull - Aqualung». Acclaimed Music. Arkivert frÄ originalen 2016-03-06. Henta 3. mai 2019. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  21. ↑ McDonald, Riley (2019). «The Daily Vault Music Reviews : Aqualung». dailyvault.com. Henta 3. mai 2019.
  22. ↑ «Jethro Tull Press: Sounds, 10 april 1971». Sounds. 10 april 1971. Arkivert frĂ„ originalen 2011-05-14. Henta 15. september 2012. {{cite web}}: Invalid |deadurl=no (hjelp)
  23. ↑ Robert Christgau. «Robert Christgau: CG: Jethro Tull». Henta 15. september 2012.
  24. ↑ Murphy, Sean (9 desember 2011). «Jethro Tull: Aqualing (40th Anniversary Special Edition)». PopMatters. Henta 15. september 2012.
  25. ↑ «The RS 500 Greatest Albums of All Time (301-400)». Rolling Stone. 18 november 2003. Arkivert frĂ„ originalen 2008-06-19. Henta 2012-09-17. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  26. ↑ «Pink Floyd & The Story of Prog». Q & Mojo. 1. July 2005.
  27. 1 2 «Rocklist.net ... Q & Mojo Magazine Special Editions Vol. 1». Rocklist.net. Henta 8. april 2011.
  28. 1 2 «The 20 Greatest Gitar Solos of All Time | Guitarist Magazine | MusicRadar.com». Guitarist. 22 mars 2011. Arkivert frÄ originalen 2011-04-29. Henta 15. september 2012. {{cite web}}: Invalid |deadurl=yes (hjelp)
  29. ↑ David Kent (1993). Australian Chart Book 1970–1992. Australian Chart Book, St Ives, N.S.W. ISBN 0-646-11917-6.
  30. ↑ «Aqualung – Jethro Tull» (pĂ„ dansk). Danskehilister.dk. Henta 3. mai 2019.
  31. ↑ «RPM Top Albums – Volume 15, No. 21 Jul 10, 1971». Library and Archives Canada. Henta 3. mai 2019.
  32. ↑ "Jethro Tull - Aqualung". Charts.de. Media Control. Henta 3. mai 2019.
  33. ↑ "Top 100 Longplay". Charts.de. Media Control. Henta 3. mai 2019.
  34. ↑ «Gli album piĂč venduti del 1971» (pĂ„ italiensk). Hit Parade Italia.it. Henta 2016-05-22.
  35. ↑ "Jethro Tull – Aqualung". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 3. mai 2019.
  36. 1 2 «Jethro Tull: Official Charts». The Official Charts Company. Henta 21 April 2012.
  37. 1 2 «Aqualung – Jethro Tull Awards». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 10 April 2016.
  38. ↑ «Top Albums/CDs - Volume 16, No. 1, 21. august 1971». Library and Archives Canada. 21. august 1971. Henta 3. mai 2019.
  39. ↑ «RIAA Gold & Platinum Database: search for Jethro Tull». Recording Industry Association of America. Henta 24. mars 2016.
  40. ↑ «Gold-/Platin-Datenbank (Jethro Tull)» (pĂ„ tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 3. mai 2019.
  41. ↑ «Search for Artist Jethro Tull». British Phonographic Industry. Arkivert frĂ„ originalen 6. februar 2013. Henta 3. mai 2019. {{cite web}}: Invalid |deadurl=yes (hjelp)
  42. ↑ «The 1971 Pazz & Jop Critics Poll». 10 February 1972. Henta 5 July 2013.
  43. ↑ Champ, Hamish (2005). The 100 Best-Selling Albums of the 70s. Amber Books. ISBN 978-1-904687-11-5.
  44. ↑ «Pink Floyd & The Story of Prog». Q & Mojo. 1. July 2005.
  45. ↑ AA.VV. (7. februar 2006). 1001 Albums You Must Hear Before You Die. Universe Publishing. ISBN 978-1-84403-392-8. {{cite book}}: Unknown parameter |editors= ignored (|editor= suggested) (hjelp)
  46. ↑ Kilroy, Hannah May; Ewing, Jerry (6. august 2014). «The 100 Greatest Prog Albums Of All Time: 60-41». Henta 3. mai 2019.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]