Hopp til innhald

Passau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Passau
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Bayern
Region Niederbayern
Landkreis Kreisfri by
Høgd 294–447 m
Areal 69,56 km²
Folketal 54 401 (31. desember 2023)[1]
Grunnlagd 400-talet
Postnummer 94001–94036
Retningsnummer 0851
Bilnummer PA
Kart
Passau
48°34′29″N 13°27′40″E / 48.5748229°N 13.4609744°E / 48.5748229; 13.4609744
Wikimedia Commons: Passau

Passau er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 55 000 innbyggjarar. Byen vert stundom kalla Dreiflüssestadt (Byen ved tre elvar) fordi elvane Inn frå sør og Ilz frå Bayerischer Wald munnar ut i Donau her.

10 000 av innbyggjarane i byen er studentar ved Universitetet i Passau. Universitetet vart grunnlagd seint på 1970-talet, tufta på det fleire hundreår gamle Instituttet for katolske studiar. Det er kjend i Tyskland for sine institutt innan økonomi, jus, informatikk og kulturvitskap.

Passau vart ein gamal romersk koloni i Noricum kalla Batavis, kalla opp etter ei germansk stamme kalla Batavi.

På andre halvdel av 400-talet oppretta St. Severinus eit kloster her, og i 739 grunnla den irske munken Boniface eit bispedøme i Passau, som lenge var det største i Det tysk-romerske riket.

Med freden i Passau (1552) sikra erkehertug Ferdinand I, representant for Keisar Karl V, ein avtale for dei protestantiske fyrstane som kunne leggast fram ved ein Reichsstag. Dette førte til freden i Augsburg i 1555.

Passau ved elva Inn.

Under renessansen og den tidlege moderne perioden var Passau eit stort senter for produksjon av sverd og andre knivvåpen i Tyskland (nest størst etter Solingen). Smedane i Passau merka klingene sine med Passau-ulven. Overtruiske krigarar trudde at Passau-ulven gjorde dei som bar sverdet usårlege, og derfor var sverda frå Passau svært ettertrakta. Som følgje av dette vart heile praksisen med å plassere magiske vern på sverda for å verne om eigaren kjend som «Passaukunsten»[2]

Under den andre verdskrigen låg det tre underavdelingar av den frykta konsentrasjonsleiren Mauthausen-Gusen her: Passau I (Oberilzmühle), Passau II (Waldwerke Passau-Ilzstadt) og Passau III (Jandelsbrunn).

Frå 1892 til 1894 budde Adolf Hitler og familien hans i Passau. Arkiv i byen viser at Hitler heldt talar ved fire forskjellige tilfelle i 1920-åra her.

Passau frå sør med elva Inn.
  1. Alle politisch selbständigen Gemeinden mit ausgewählten Merkmalen am 31.12.2023 (på tysk), Statistisches Bundesamt, 28. oktober 2024, Wikidata Q131220759, arkivert frå originalen 17 November 2024, henta 16. november 2024
  2. Eduard Wagner, Cut and Thrust Weapons, 1969

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Passau