Á,á, er eit gamalislandsk teikn for lang a.

Vokalen utvikla seg tidleg til å og seinare til diftongen ao, som er moderne islandsk uttale.

I færøysk blir bokstaven vanlegvis uttalt åa [ɔa] når han er lang og å [ɔ] når han er kort.

I norsk område er á sjeldnare. Han blir oftast skrive a eller aa, som omkring 1300 fekk uttala å, i enkelte målføre ao. I normaliserte, moderne utgåver av norrøne verk skriv ein á, som i Noreg blir uttalt å. Nokre få nynorskforfattarar bruker á for å (eller aa).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg