Faktaboks

Etymologi

fra nederlandsk afrikaans, grunnbetydning 'afrikansk'

Uttale

afrika:ns

Land

SĂžr-Afrika, Namibia

FÞrstesprÄksbrukarar
7,2 millionar (2016)
AndresprÄksbrukarar
10,2 milionar i SĂžr-Afrika (2002)
Skriftsystem

latinsk alfabet

SprÄkkodar
af, afr (AF, AFR)
ISO-639:3
afr

Eit sĂžrafrikansk vegskilt med tekst pĂ„ afrikaans (venstre) og bantuspĂ„ket tswana (hĂžgre). PĂ„ skiltet stĂ„r det ‘Velkommen til Nord-Kapprovinsen’.

Av .
Lisens: CC BY 2.0

Afrikaans er eit sprÄk som hÞyrer til dei germanske sprÄka i den indoeuropeiske sprÄkfamilien. Afrikaans er offisielt sprÄk i SÞr-Afrika ved sida av engelsk og ni afrikanske sprÄk.

Afrikaans utvikla seg frÄ det nederlandske sprÄket til nederlendarane som koloniserte den sÞrlegaste delen av Afrika omkring 1650, sjÄ SÞr-Afrikas historie.

Utbreiing

Afrikaans blir snakka av om lag 6,7 millionar menneske i det sþrlege Afrika – nérmare 6,5 millionar i Sþr-Afrika, 230 000 i Namibia, 6000 i Botswana og mindre grupper i Lesotho, Eswatini, Zambia og Malawi.

I SÞr-Afrika har over 10 millionar menneske afrikaans som andresprÄk. Afrikaans var tidlegare eit viktig lingua franca i Namibia, men blant dei yngre tek engelsk over.

Afrikaans er eit av dei elleve offisielle sprÄka i SÞr-Afrika, i tillegg til engelsk, sÞr-ndebele, nord-sotho, sÞr-sotho, swazi, tsonga, tswana, venda, xhosa og zulu. FÞr Namibia blei sjÞlvstendig i 1990, var afrikaans og tysk offisielle sprÄk i landet. No har engelsk denne statusen, medan afrikaans, tysk og oshiwambo har status som regionalsprÄk.

SprÄksystem

Afrikaans har gjennomgÄtt ein del forenklingar samanlikna med nederlandsk, truleg fordi sprÄket er blitt teke i bruk av store folkegrupper som tidlegare snakka andre sprÄk.

Afrikaans har eit mykje enklare verbsystem enn nederlandsk, og dei viktigaste formene av til dĂžmes verbet om te praat (infinitiv) 'Ă„ prate' er praat! (imperativ) 'prat!', praat (notid) 'pratar', het gepraat (fortid) 'prata', 'har prata' og sal praat (framtid) 'skal prate'.

Verbet har – ulikt nederlandsk – ikkje person- og talbþying. Afrikaans har ikkje grammatisk kjþnn, og den bundne artikkelen er alltid die: die vrou 'kvinna', 'frua', die man 'mannen' og die kind 'ungen', 'barnet'.

Lydsystemet er stort sett som i nederlandsk, men afrikaans har ikkje den stemde s-en (i nederlandsk skriven z), bortsett frĂ„ i nokon framandord. PĂ„ same mĂ„te er ustemt ch [x] og stemd frikativ g [ÉŁ] falle saman i ein ustemt frikativ [x], skriven g. Fonemet v (i nederlandsk ein stemd frikativ [v]) har likeins vorte ustemt. Uvanleg er ĂČg den nydanna doble nektinga: hy het nie gekom nie 'han kom ikkje'.

Historie

Afrikaans har rÞter i sprÄket til boarane, nederlandsktalande protestantiske bÞnder som slo seg ned i Kapp-kolonien etter 1652. Boarane hadde slavar og arbeidarar som opphavleg snakka malayisk, gassisk eller ulike khoisansprÄk, men som gjekk over til boar-sprÄket. Det nederlandske sprÄket vart utsett for pÄverknad frÄ andre ikkje-europeiske sprÄk. Denne kreoliseringa kjem kanskje sÊrleg til syne i det sterkt forenkla formsystemet.

DÄ britane overtok Kapp-kolonien kring 1800, trekte boarane i 1830- og 1840-Ära innover i landet og skipa Oranjefristaten, Transvaal og Natalia, der nederlandsk var offisielt sprÄk. PÄ 1800-talet byrja forfattarar Ä ta afrikaans i bruk som skriftsprÄk. I 1914 vart det innfÞrt i skulen. Afrikaans har ein omfattande litteratur, mellom anna gjennom forfattarar som André Brink og Breyten Breytenbach.

Afrikaans utvikla sĂŠrdrag som skilde det frĂ„ nederlandsk. Eit afrikaans standardisert skriftsprĂ„k blei utvikla i 1875. DĂ„ Unionen SĂžr-Afrika (frĂ„ 1961 Republikken SĂžr-Afrika) blei skipa i 1910, var engelsk og nederlandsk offisielle sprĂ„k. I 1925 blei afrikaans offisielt sprĂ„k i staden for nederlandsk. I 1996 fekk landet 11 offisielle sprĂ„k – ni bantusprĂ„k i tillegg til engelsk og afrikaans – og ni ikkje-offisielle nasjonalsprĂ„k.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktÞr svarar nÄr dei kan. Det kan ta tid fÞr du fÄr svar.

Du mÄ vere logga inn for Ä kommentere.

eller registrer deg