Induksjon, tyder igangsetjing, framkalling eller stimulering. Det motsette av induksjon er inhibisjon.
induksjon
Filosofi
Innan erkjenningsfilosofien er induksjon ein vitskapleg metode, som gjennom logisk ordning av fleire enkelterfaringar prÞver Ä gje uttrykk for allmenne lovmessige samanhengar. Induksjon er det motsette av deduksjon, som tyder Ä slutte frÄ det generelle til dei enkelte tilfella.
- Les meir om induksjon i filosofi.
Medisin
Induksjon innan medisin tyder Ă„ framkalle eller stimulere.
Induksjon kan til dĂžmes tyde Ă„ setje eitkvart i gang ved hjelp av legemiddel. Til dĂžmes blir ein fĂždsel sett i gang ved hjelp av legemiddel kalla ein fĂždselsinduksjon.
Ein kan ĂČg bruke ordet i samband med utvikling av vondarta svulstar, nĂ„r desse blir framkalla av kjemiske substansar eller framande celler som blir planta inn. Eit anna dĂžme er enzyminduksjon, der ein stimulerer til auka danning av enzym for Ă„ fremje nedbryting av substansar eller auke effekten av legemiddel.
Biologi
Induksjon innan utviklingsbiologi og cellebiologi er danning av ein spesiell organisk struktur ved at ein bestemt del av organismen pÄverkar ein annan. SÊrleg under fosterutviklinga pÄverkar visse cellevev andre nÊrliggjande vev.
- Les meir om induksjon i biologi.
Fysikk
Innan fysikk er induksjon fÞring av elektrisk straum i ein leiar, pÄverka av magnetisme eller elektrisk straum i ein annan leiar. Eit dÞme pÄ dette er induksjonsomnar, der oppvarminga skjer ved at det blir danna eit elektromagnetisk felt som induserer straum i dei stoffa som skal varmast opp.
- Les meir om induksjon i fysikk og induksjonsomnar.
Matematikk
Induksjon i matematikken er ein metode som blir nytta for Ă„ fĂžre matematiske bevis. Eit dĂžme er Ă„ bevise at ein egenskap gjeld for ei uendeleg mengde tal eller objekt. Eit induksjonsbevis inneheld eit basissteg og eit induksjonssteg. NĂ„r ein beviser at eit uttrykk gjeld for til dĂžmes n=0, og sĂ„ at «om uttrykket gjeld for n=k-1, da gjeld det ĂČg for n=k», sĂ„ er beviset ferdig.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktÞr svarar nÄr dei kan. Det kan ta tid fÞr du fÄr svar.
Du mÄ vere logga inn for Ä kommentere.