sĂžndag 9. august 2026

Siste feriedag: spontantur til Grotli og Hjelle







Hundedagane mine vart fĂŠrre enn forventa dĂ„ Svigerson henta sine hundar tysdag kveld. Det vart stille i huset dĂ„ dei for, og det var heilt i orden! Onsdag hadde eg sendt bod pĂ„ Minstemann for Ă„ fĂ„ hjelp med hundepass medan eg var til tannlege, og det enda med at han fekk klipt plenar og hĂžgtrykksspylt veranda og svaberg fĂžr han reiste att fredag. Bladfyken var her og saga ned tre m.m., og sjĂžlv var eg som sagt til tannlege og til frisĂžr, og sĂ„ laga eg vel middag. Elles var det ikkje mykje eg bidrog med. 

I dag er det siste feriedagen, og eg kjende i gĂ„r at eg mĂ„tte finne pĂ„ noko kjekt siste dagen. VĂȘret har vore ekstremt stusseleg siste tida, og eg kjende brakkesykja kome snikande. Derfor foreslo eg for Bladfyken at vi skulle ta oss ein biltur. vi tok med hundane i tilfelle vi fekk lyst til Ă„ gĂ„ tur, men det pĂžsregna heile vegen til Oppstryn, for Ă„ seie det slik. DĂ„ fann vi pĂ„ at vi skulle sjĂ„ om det var finare pĂ„ Strynefjellet, og sette derfor av garde til Grotli. Der var det litt lettare vĂȘr, men heller ikkje der kom ein heilt unna regnet.

Attende i Oppstryn stakk vi innom Gamlebutikken pĂ„ Hjelle, der dei er kjende for sin "Afternoon Tea". Ein fĂ„r velje mellom to sortar smĂžrbrĂžd og to sortar kake, og i tillegg fekk ein ein scone med krem og jordbĂŠrsyltetĂžy. Ein fĂ„r ĂČg velje mellom kaffi og te. Bladfyken heldt av bord medan eg bestilte, og dĂ„ vart det rekesmĂžrbrĂžd og ostekake, og sĂ„ valde eg te - sidan det var Afternoon tea. MĂ„ltidet var stĂžrre enn forventa, og alt smakte nydeleg. Det vart servert pĂ„ gamalt porselen, og i butikken sel dei diverse porselen ĂČg. Eg kjĂžpte meg eit krus til minne om dagen. Dei sel ogsĂ„ brukte bĂžker, og Bladfyken kjĂžpte seg ei visebok. Gamlebutikken mĂ„ berre opplevast, og vi skal garantert attende dit. Der er ikkje ope anna enn i helgane ut august, men det er vel verd eit besĂžk. 


lĂžrdag 8. august 2026

Genser nummer 89: "Tusseladd" i Sol og Tinde

Sidan regnet ausar ned ute, fĂ„r ein finne pĂ„ noko inne. I dag festa eg trĂ„dar pĂ„ ein genser eg har hatt liggande ferdig strikka sidan fĂžr ferien. Det er eit visst tiltak med slikt arbeid nĂ„r ein ikkje har planar om Ă„ ha pĂ„ genseren i nĂŠr framtid, men det kan godt hende strikkasesongen begynner tidleg i Ă„r. 

Eg har strikka genseren i grÞnt tidlegare, og dÄ lÞyvde eg burgunder garn (Sol) som eg brukte i denne saman med kvitt (Sol) og botnfargen turkis (Tinde)

mandag 3. august 2026

11. hundedag: Lisjedalen

 



I dag gjorde vi eit forsÞk pÄ Ä gÄ rundt vatnet i Lisjedalen, men vi mÄtte gi opp. Det hadde kanskje gÄtt bra utan hundane, men elvane er svÊrt store for tida, sÄ det kan hende vi hadde greidd det pÄ ei anna Ärstid eller etter ein tÞrkeperiode. Det var uansett hyggeleg Ä gÄ tur, bÄde for to- og firbeinte.

lĂžrdag 1. august 2026

Bok 22 2026: "De som ser etter tegn" av Britt Karin Larsen



DĂ„ eg for ei tid sidan las om historia til di reisande, vart tatertrilogien til Britt Karin Latsen nemnd som bĂžker som gir gode skildringar av korleis taterlivet utarta seg. I den fĂžrste boka er handlinga lagd til tidleg 1900-tal, og taterane reiser rundt med hest og kjerre. Ein fĂ„r lĂŠre om kulturen deira og korleis \samhandlinga med bygdefolk utarta seg, i tillegg til trugsmĂ„l om frĂ„taking av born. Kvardagsdrama og romantikk er her ĂČg ein del av. Ei lettlesen og lĂŠrerik bok!

Genser nummer 88: "MÄnebedotten" i Sportsull


I dag tok eg meg pÄ tak og festa trÄdane i denne genseren, som har lege ferdig strikka i vekesvis. MÞnsteret var veldig enkelt og kjekt Ä strikke, men garnet var ikkje sÄ mjukt at det gjorde noko, og fasongen vart litt ujamn med dei ulike mÞnsterbordene. Dette kan rette seg etter vask. Av og til kan det vere kjekt Ä ha ein einsfarga genser i ein nÞytral farge, og eg valde lysegrÄ. Strikkepakken var pÄ tilbod til halv pris, sÄ eg har sjÞlvsagt garn til ein til.

8. hundedag: Postvegen ved BjĂžrkedal

 Bladfyken kom og gjekk tur saman med hundane og meg pĂ„ den gamle postvegen mellom BjĂžrkedal og Harpefossen. Vi gjekk frĂ„ Langedalsbrua til skiltet ved Brekka - ein tur vi har gĂ„tt fleire gonger fĂžr, men ikkje pĂ„ lenge. Det var ikkje ei ku i sikte, berre kuruker, og vi mĂžtte heller ikkje folk, sĂ„ det var heilt perfekt. Berre to bilar passerte, og det gjekk greit. Det er eit vakkert terreng Ă„ gĂ„ pĂ„ grusveg i, og det var nokolunde opplett medan vi var der. favorittstrekninga er langs vatnet i Vasslida.



onsdag 29. juli 2026

6. hundedag: Lisjedalen


Denne dagen ville eg gÄ i fred, og dÄ passa det godt Ä gÄ i Lisjedalen, der det verken var folk eller beitedyr. Eg gjekk fÞrst pÄ eine sida av vatnet, og deretter gjekk eg pÄ den andre. Det stÄr att eit myrlendt omrÄde der stien ikkje viser, og det burde eg ha funne ut av, og eventuelt merka stien der. Bjarne gjekk rett i burdet dÄ han kom heim - det er sikkert slitsamt Ä gÄ i djup lyng med dei korte beina hans.

5. hundedag: Folkestadsetra

MÄndagen regna det utan stans, sÄ dÄ vart det ikkje nokon tur. Hundane, og dÄ spesielt vesle Bjarne, e ikkje sÄ begeistra for regn og kulde. Det vart leik i hagen i staden.

Tysdag, derimot, var det noksĂ„ lettskya og for det meste opphaldsvĂȘr, eller "finevĂȘr", som vi kallar det denne sommaren. Eg var aleine, sidan Bladfyken var ferdig med ferien sin, og eg pakka hundar og band inn i bilen og kĂžyrde mot Folkestad. Eg var usikker pĂ„ kvar eg skulle gĂ„, men enda opp med Ă„ parkere ved bommen og gĂ„ opp pĂ„ setra. Planen var Ă„ gĂ„ rundt vatnet, men det vart til at vi gjekk til enden av vatnet og snudde ved grinda. Der lĂ„g det ein flokk kyr og venta pĂ„ oss, og det orka eg ikkje. Vi hadde allereie gĂ„tt forbi to kuflokkar, nokre sauer og fleire turistar, og det var slitsamt med fire nysgjerrige (og delvis brĂ„kete) hundar. Eg trur eg skal vente til kyrne er borte frĂ„ setra fĂžr eg gĂ„r der att, i alle fall viss eg har alle hundane med.



sĂžndag 26. juli 2026

3. hundedag: Naustdalskamben


Etter sĂžking pĂ„ nett fann vi ut at vi skulle gĂ„ pĂ„ Naustdalskamben i dag. Dagsturhytta der var vist pĂ„ 71 grader nord, og eg tenkjer at dagsturhytter vil ligge i enden av ein godt merka sti og vere ein fin stad Ă„ nyte utsikta uansett vĂȘr. 

Turten starta ved eit industriomrÄde i nÊrleiken av Remmedalen/Hjelmelandsdalen ein stad, og den var verkeleg godt merka. Vi gjekk pÄ sti, grusveg og traktorveg fÞr vi kom til sti att. Den gjekk bratt og var til tider sleip og glatt, men vi kom oss opp, trass fire hundar og ein udugeleg arm. Dei einaste store problema vi opplevde, var dÄ vi mÞtte hundar, noko som skjedde to gonger. Eg trua med Ä melde heile kvartetten pÄ "Fra BÞlle til Bestevenn". Det vafrt for langt Ä gÄ for vesle Bjarne, sÄ han mÄtte sitje i sekken over halve turen. Han var likevel temmeleg sliten dÄ vi kom attende til bilen.

Fordelen med Ä gÄ sÄpass lange turar, er at ein fÄr ein fredeleg kveld.

2. hundedag: LisjebĂžvatnet

Denne dagen var det kald vind og litt regn. Bladfyken og eg tok med hundane til LitlebĂžvatnet i Dalsbygda, og der gjekk vi utover ein traktorveg. Utsikta var fin og vi kunne godt ha gĂ„tt lengre, men vĂȘret var ufyseleg.


fredag 24. juli 2026

Hundedagar (dag 1 av 16): Geildalen

 


Sidan Veslejenta passa hundane mine medan eg var pÄ Madeira og i Solund, er det berre rett og rimeleg at eg passar hennar to nÄr ho reiser vekk i to veker. Offisielt starta hundedagane i gÄr, men her begynte dei i dag tidleg. Eg brukte litt tid pÄ Ä finne ut av korleis eg skal gjere ting, men sÄ kom vi oss ut pÄ tur. Eg kÞyrde til skogsvegen pÄ BjÞrneset, der eg tenkte vi ikkje kom til Ä mÞte sÄ mange. Vi mÞtte ingen, og det var eigentleg greitt. Eg hadde to av hundane festa til belte rundt midja, og i tillegg ein i kvar hand. Det gjekk veldig greitt, og vi gjekk oss ein relativt lang tur med ein avstikkar inn i skogen. Det skal litt til fÞr dei finn roa, men akkurat no har vi det fredeleg. Det kan hende eg mÄ tilbringe natta i godstolen, men det har eg gjort fÞr.

Bok 21 2026: "GiĂŠver og Iunker" av Erlend Loe


 Eg hĂžyrde nyleg Erlend Loe snakke pĂ„ dei nynorske festspela saman med Tore Renberg, og dei to er begge blant mine favorittforfattarar. Eg plar seie at eg har kalla opp sonen min etter Erlend Loe, noko som kanskje ikkje er heilt sant, men kanskje delvis. 

PĂ„ veg heim frĂ„ Solund er der ei vegstrekning som akkurat var lang nok til Ă„ hĂžyre ei lita bok pĂ„ bilturen, og dĂ„ valde vi denne boka, lese av forfattaren sjĂžlv - noko som er halve opplevinga. Som vanleg skriv Loe morosamt med eit underliggande alvor, og det er den viktigaste grunnen til at eg likar bĂžkene hans sĂ„ godt. Den dĂždssjuke hovudpersonen fortel sonen sin om familiehistorie, og mesteparten av historia handlar om hatet mot nabofamilien. Dette hĂžyrest ikkje morosamt ut, kan hende, men i Erlend Loe sitt univers blir det tragiske ispedd morosame vendingar og sprĂž innfall, sĂ„ heilskapen blir ei artig og tankevekkjande leseoppleving. 

Bok 20 2026: "DĂžd og oppstandelse" av BjĂžrn Vatne

 


Dette er ei litt merkeleg bok. Kona til hovudpersonen er dĂžd, men brĂ„tt tek ho til Ă„ sende han tekstmeldingar. Ho har blitt med i eit forskingsprosjekt der ein skal ta vare pĂ„ hjernen og halde liv i henne pĂ„ den mĂ„ten. Boka er lagd til 2029, og den kom ut i 2020, sĂ„ det er ein slags framtidvisjon der ein problematiserer grensene for vitskap - litt som Frankenstein. Det merkelegaste med boka er kanskje slutten, som eg ikkje vart heilt klok pĂ„. 

Bok 19 2026: "Arkitekten i Paris" av Charles Belfoure


 Tittelen seier noko om hovudpersonen i romanen, og omslagsbiletet viser at det er tale om jĂždar under andre vedskrig. Forfattaren er sjĂžlv arkitekt, og han Ăžnskte Ă„ skrive ein roman der ein arkitekt hadde ei viktig rolle. I denne boka teiknar hovudpersonen moglege gĂžymestader i hus, slik at jĂždar skal kunne gĂžyme seg der under razzia. Det gĂ„r ikkje alltid bra, og noko av spenninga ligg i at fleire av bipersonane har tvilsame motiv. Boka er spennande, sjĂžlv om eg likar best dokumentarstoff om andre verdskrig.

Bok 18 2026: "Lilly og jeg" av Steven Rowley


NĂ„r ein har ein 12 Ă„r gamal hund, er det kanskje ikkje sĂ„ lurt Ă„ lese ei bok om ein mann og hans 12 Ă„r gamle, dĂždssjuke hund. Likevel hadde eg glede av Ă„ lese denne romanen , som skildrar eit vennskapsforhold mellom ein mann og hans snakkande hund. Dei likar Ă„ sjĂ„ film, ete pizza og samtale om mangt og mykje, og det ligg sjĂžlvsagt ein undertone av einsemd i det heile. 

Bok 17 2026: "Lorden" av Tore Renberg


 Renberg er ein av mine absolutte favorittar blant norske forfattarar, og etter Ă„ ha hĂžyrt han snakke pĂ„ dei nynorske festspela, fann eg denne boka, som eg enno ikkje hadde lese. Den er bĂ„de gripande og tankevekkjande, og dei tre bĂžkene i nynorsktrilogien til Renberg har noko vemodig ved seg som er vanskeleg Ă„ definere. Hovudpersonen i denne boka er ein eg-person som ein kan sjĂ„ oppfĂžrer seg pĂ„ ein mĂ„te som stĂžyter andre frĂ„ seg. Han manglar sjĂžlvinnsikt, men vi les det mellom linjene, nesten som i EllingbĂžkene til AmbjĂžrnsen, berre utan humor. 

Storytel: Lorden er ein oppslukande og urovekkjande roman, mĂžrkt lysande og full av vrimlande menneskeliv. Saman med Tollak til Ingeborg og Du er sĂ„ lys dannar den ein trilogi av psykologiske mysterieromanar om utsette og desperate menn.

Jon Magne Moi er pensjonert lÊrar og entusiastisk formann historielaget i bygda. Ein dag finn Jon Magne ei ung jente i snÞen. Det er den lokale barnestjerna som ligg der, forslÄtt og medvitslaus. Jon Magne er overtydd om at han veit kva som har skjedd, og no skal han konfrontere den skuldige.

Kven i bygda stÄr bak ugjerninga? Og kva er det denne mÞrke hendinga vekkjer i Jon Magne?

Bok 16 2026: "Et uĂžnsket folk" av Carl Emil Vogt, Jan Alexander Svoboda Brustad, Lars Lien, Maria Schwaller Rosvoll og Maria Rosvoll

Sidan eg hadde lese ei bok om dei reisande, fekk eg lyst til Ă„ lese om romfolk ĂČg. Denne boka er svĂŠrt interessant og godt skrive, med vekt pĂ„ historiske periodar som til dĂžme andre verdskrig. Manglande vilje i fleire land til Ă„ gi romfolk statsborgarskap fĂžrte mange romfolk til nazistiske konsentrasjonsleirar, og fleire miste livet der. Eg er langt over middels interessert i andre verdskrig, sĂ„ dette syntest eg var ekstra interessant. 

Bok 15 2026: "Taterne: livskampen og eventyret" av Thor Gotaas

Denne boka fortel om den historiske posisjonen dei reisande har hatt i norsk kultur. Det er mykje tankevekkjande og interessant informasjon, men boka er i overkant positiv til taterkulturen innimellom. I omtalen av boka pĂ„ Storytel stĂ„r det at boka skal vere eit bidrag til Ă„ gi taterane meir stoltheit, sĂ„ den gir seg ikkje ut for Ă„ vere heilt balansert heller. 

torsdag 23. juli 2026

Solund 13. - 20. juli

I Ă„r vart det tur til HjĂžnnevĂ„g att. I fjor var eg ikkje i Solund, og Ă„ret fĂžr budde vi pĂ„ Hardbakke, sidan Minstemann skulle spele pĂ„ Solundfest. For femte gong leigde vi rorbu, og denne gongen var det Bladfyken, Eldstejenta, Storegut og Minstemann som var med. Ungane var der berre frĂ„ mĂ„ndag til torsdag, og dĂ„ brukte vi ein del tid til bĂ„tliv og fiske, i tillegg til ein tur til Hardbakke for Ă„ spele frisbeegolf (diskgolf). Ja, det var den yngre garde som gjorde det, medan Bladfyken og eg gjekk tur til SognsjĂžhytta like ved. 

Etter at ungane reiste vart det ikkje meir sjÞliv pÄ oss, men vi gjekk turar i staden. Torsdag gjekk vi NordsjÞlÞypa frÄ HjÞnnevÄg til HusÞy kyrkje i Straumen, og dÄ gjekk vi vegen heim. Fredag kÞyrde vi rundt og sÄg gamle trakter, i tillegg til Ä handle og helse pÄ slekta pÄ NÄra. Laurdag gjekk vi tur til plantefeltet ved HjÞnnevÄg, og sÞndag gjekk vi pÄ Sperefjellet SÞr. Eg likar svÊrt godt Ä gÄ tur i terrenget, og berget var knusktÞrt. Det kom ikkje ein regndrope heile veka, men det var isande kald nordavind mykje av tida.

SÞndag ettermiddag inviterte onkel og tante oss pÄ middag pÄ Havkroa, ti meter frÄ rorbua. Der fekk vi nydeleg sosakjÞt og karamellpudding, og dermed vart det ein slÞv kveld med fotball og pakking.

Vi hadde ei fin ferieveke, og neste gong vi reiser til Solund er brua i Steinsund ferdig, slik at vi kan bevege oss fritt mellom indre og ytre. Det blir kjekt, og eg ser allereie fram til det!






















onsdag 22. juli 2026

SommarferiebesĂžk

Dei vaksne ungane kom heim pĂ„ besĂžk, og det vart nokre kjekke dagar med tur, bĂ„ttur og brettspel, blant anna. I tillegg fekk eg hjelp til innkjĂžp og bilreparasjon fĂžr turen til Solund. 








fredag 3. juli 2026

Madeira

 25. juni reiste vi til Madeira. Vi budde pĂ„ eit fantastisk anlegg som heiter Dreams Resort, der vi levde i den stĂžrste luksus med all inclusive. I tillegg til bading og avslapping pĂ„ anlegget vart det tid til Levadavandring (turstiar i samband med vatningskanalar, som det er svĂŠrt mange av pĂ„ Madeira), vandring i nĂŠrmiljĂžet ved hotellanlegget, turar rundt pĂ„ Ăžya og gondoltur og besĂžk til den botaniske hagen pĂ„ fjellet Monte ved byen Funchal. Vi hadde mange opplevingar, men ĂČg tid nok til Ă„ bli solbrende. Buffet tre gonger for dag vart det ĂČg hĂžve til, og i tillegg fekk vi smake Poncha og Sangria, sjĂ„ VM-kampar pĂ„ storskjerm og i det heile kose oss. Øya kan anbefalast pĂ„ det varmaste, sjĂžlv om det ikkje var strĂ„lande ver alle dagane.