lørdag, september 12, 2026

Solveig og Øystein er i Bergen og besøker Olaug og familien der, Her er Solveig og Tobias. Tobias blir 2 år 1.november


Dagbok 2026:12. September


Klokka er no 19.30, temperaturen ute er +10 graderC , det er overskya og litt regn. Eg har ikkje vore ute i dag, men sete inne og strikka mellom anna, hadde nokre aviser å gå gjennom også. Men så begynte eg å tenkje på mat, så eg tenkte å ta ein tur på butikken -mest for moro skuld. 

Men.......så starta ikkje bilen. Eg trudde alt skulle vere i orden no, men eg kjenner meg sjølv, eg er ikkje flink å passe på alt , så det skjer rett som det eg at bilen streikar. Eg gjorde som eg plar, gjekk til naboen og klaga mi nød og han sette batteriet på oppladding, så no håper eg at det var berre det som feilte. Eg gløymer så ofte det eg skal gjere., så eg får problem stadig vekk.Men så har eg no nokså mykje å passe på også-sidan eg er her åleine. No håper eg at det berre var batteriet denne gongen også.

Eg laga meg middag i dag og så har eg strikka fredig eit lestepar, handa er heldigvis bra no så eg kan strikke. Eg har vore heime åleine i dag, men det gjer ingen ting, for eg hadde ein kjekk dag med Margrete i går. Eg har tenkt på det i dag at Stryn er noko for seg sjølv , så mange klesbutikkar har vi ikkje her Ørsta  og ikkje så mange bilar heller. Men du vide verda kor mange tunellar vi må gjennom før vi kjem fram. Eg har no reist den vegen mange gongar, men kvar gong blir eg forundra  over alle tunellane.Men Margrete er ein stødig sjåfør så eg føler meg trygg når eg sit på med henne.

No er klokka 8 på kvelden og eg har gløymt å sjå nyheiter, får vel meir i løpet av kvelden. Før i tida brukte det å vere laurdagsprogram frå studio i Oslo, no er der ikkje så mykje kjekt på TV lenger. Synest eg. Litt seint å seie GOD HELG , men betre seint enn aldri.

fredag, september 11, 2026

Dagbok 2026: fredag 11. september


 Klokka er no17.22, temperaturen ute er+13graderC   og det er regn og skodde Men eg har likevel hatt ein strålane dag. Takka vere Margrete fekk eg meg ein skikkeleg lang og god biltur. Vi hadde ikkje bestemt noko på førehand, men som oftast plar vi ende i Honndalen og i Stryn. Og slik vart det i dag også. Men eg synest at tunellane på turen vert lengre for kvar gong, På heimvegen tok vi turen over Krøvelseidet. Trur ikkje eg har vore der etter at eg var med 6.klassingane på overnattingstur og då nærmar det seg 10 år -eller meir. Kjekt å sjå seg om i verda!.

Vi handla som vanleg litt klede på Grodås. og så var vi på kafe Stryn, der vi fekk både rikeleg og god mat. Vi har ein tendens å gjere det samme om att når vi er ute og reiser. Eg synest Margrete er sill som fer og køyrer på den gamle mora si.Og eg set veldig pris på turane.

Margrete er ikkje med på bildet, men ho åt like mykje.


torsdag, september 10, 2026

Klokka er no 18. 35. Temperaturen ute er +13 graderC og i dag har vi hatt fint ver med sol og litt varme.

Eg hadde ingen planar for dagen, men eg kjem no alltid på noko å gjere. For det må eg ha.

Den første oppgåva i dag var å finne att voksduken min. I fjor hadde eg ei veldig ryddeperiode, og eg fann mykje som eg hadde gløymt. Kven skulle tru at eg hadde nokså mange voksdukar, eg hadde no hatt den same på kjøkkenbordet i årevis. No tenkte eg det kunne vere kjekt å prøve litt gammalt /nytt. Og slik blei det, eg har variert litt med dukar siste året. Men så begynte eg å tenkje på den gamle, den var no veldig fin, kjøpt i Kongsberg ein gong i tida. Og eg har leita og leita etter den-og nesten gitt opp. I dag ville eg prøve ein siste gong-og fann den med ein gong. Så no er alt i orden igjen.

Så gjekk eg ut for å finne meir jobb; det vart enkelt,for eg såg no med ein gong noko som var gale; singelen på tunet har nemleg ein tendens til å  fare ned kjellarbakken og legge seg til der. Eg fylte mange bøtter med singel og bar oppatt på tunet. Det var tungt for ei gammal kjerring, men litt fekk eg no gjort. Elles gjer eg ikkje mykje i hagen  no, men litt blir det. Det er snart slutt på svartsurbæra, men eg har fått hatt dei mykje godt i fred for fuglane, merkeleg nok. 

I dag fekk eg melding frå banken om at det nye bankkortet mitt er på veg.

Det var snakk om at eg skulle få vere med Margrete på tur i morgon, ho har fridag denne fredagen. Trur eg.Vi får sjå kva det blir tll.
 

onsdag, september 09, 2026

Dagbok 9.september 2026


 Klokka er no17.40, temperaturen ute er  +13 grader, det er skya, med litt sol innimellom

I dag har eg ikkje gjort mykje, for heile føremiddagen sat eg og såg TV-om gravferda til kongen. Det var no heilt fantastisk altså, men det tok tid. Eg hadde rusta meg ut med garn og pinnar for å ha noko å gjere mens eg såg. Eg begynte på ein kvit lest, og fekk strikka ganske mykje. "Problemet" er at eg strikka fastare og finare i dag enn eg gjorde i går kveld, så no kan det hende eg må rekke opp det eg strikka då.  Det blir vel ei råd.. Etter at det vart slutt på TV-en laga eg meg ein enkel middag før eg var ein liten tur opp til Marit. Det er ikkje noko er treng å gjere i dag, men det kan no hende det blir litt meir strikking. Forresten har eg no diverse lesestoff. Vi får aviser tysdag og laurdag , men eg hugsar ikkje alltid å ta inn post, så i dag var der to aviser+ pensjonistbladet, så no har eg mykje å gå igjennom. Det er ikkje alt som er like interessant.

Eg var ute i hagen og åt to-tre nevar med svartsurbær, dei bæra eg gode og søte i år, men det er ikkje så mykje att. Det er vel eg sjølv som har ete mest.

I morgon er det torsdag, då har eg ingen planar, men fredag skal eg på tur med Margrete, det ser eg fram til.Eg har no bil sjølv, men eg køyrer ikkje så langt åleine. Det er kjekt å fare på tur med Margrete. Det er ikkje bestemt kvar vi skal denne gongen. Solveig og Øystein skal til Bergen og besøke Olaug med familie.Dei er pensjonistar no og kan fare når dei vil-



tirsdag, september 08, 2026

Dagbok 2026: 8.september


Klokka er no 18.08 , temperaturen ute er +10 grader C og det regnar no. Før i dag var det litt betre ver.

Eg fekk diverse bekymringar , sidan eg måtte på reperasjon med bilen etc. Eg fann ikkje att lommebok og anna, Men det var ei som visste råd, og det var Solveig. Ho kom på føremiddagen og fekk orden på sakene. Lommeboka er ikkje funnen, heller ikkje betalingskort, men ho ordna det slik at eg får nytt. Ja,eg treng ikkje å gå i detaljar, men no meiner eg at alt er i orden. Eg får vel krav frå verkstaden, men det ordnar eg sjølv. Det vart mykje styr for ein liten skade- men eg har gode hjelparar. 

Vi var på butikken og handla også mens Solveig var her, Ho og Øystein reiser til Bergen på fredag, men då har eg Margrete her  til å passe på meg. Eg er så heldig som har tre kjekke born som hjelper meg no når eg er blitt så gammal-rollane har blitt oppbytta sidan dei var små.

I morgon blir det vel å sitte framfor TV-en heile dagen og sjå på gravferda til kongen. Godt at eg har garn så eg kan strikke langsmed. Eg felte nettopp av ein litt tjukk ull-lest, men det må bli fleire slike.

No trur eg at eg skal steike resten av fisken eg fekk av naboen i går. Då Nils levde og var frisk ,fiska han heile tida, og vi hadde fisk og fiskemat til middag nesten kvar dag, men etter at han slutta å fiske vart det sjelden fisk å få. Eg har sagt det mange gonger at det eg saknar i Ørsta er ein skikkeleg god fiskebutikk. Ja, her var no det før. Den tida eg budde heime på Eid hadde vi minst to gode fiskebutikkar og vi åt mykje fisk. Men i dag skal eg nyte fisken eg fekk i går. Gode naboar er gode å ha!