mandag 31. desember 2012

Godt nytt Är!

Eg vil Ăžnskje alle som stikk innom bloggen min eit godt nytt Ă„r!  Takk for det gamle!

sĂžndag 30. desember 2012

6. juledag

 I dag har vi hatt triveleg besĂžk av systera mi og ungane.  Ho og eg er eininge om at vi har hatt same sykje, men vi er usikre pĂ„ om det er ei fĂžrkjĂžling med feber, eller om det er influensa. SjĂžlv har eg ikkje vore sosial utanom familien denne jula.  Eg unner ingen andre Ă„ bli smitta.

PÄ menyen stod det blomkÄl- og brokkolisuppe, heil kalkun og Smashis til kransekake. Det er greitt Ä vere to familiar nÄr ein steiker kalkun.
Det var berre ein feil: Der var ikkje krone i smellbongbongane.  Men vitsane var dei same:

En Ăžstlending traff en kjuagutt utenfor Jernbanestasjonen en dag i typisk Bergens vĂŠr.
 - Regner det bestandig her, spurte han gutten.
- Eg veit ikkje svarte kjuagutten. Eg e' bare 11 Är.

P.S.
Eg tek verken ansvar for rettskriving eller teiknsetjing i vitsen.

Bok 58 : Mellom sommerens lengsel og vinterens kulde

FrÄ coveret:

En roman hentet fra politiets hverdag - en rÄ verden fylt av kynisme, intriger og maktkamp. En grÄkald kveld i november hopper en amerikansk journalist fra 15. etasje i studenthjemmet i Stockholm hvor han bor. Selvmord, slÄr politiet fast i rapporten. Mannen var dessuten sÄ hensynsfull at han etterlot seg et brev, et svÊrt poetisk selvmordsbrev riktignok: - Jeg har levd mitt liv mellom sommerens lengsel og vinterens kulde... Men politiinspektÞr Lars Martin Johansson ved Rikskriminalen klarer ikke Ä slippe saken. Det er noe som ikke stemmer, mener han. "I en helt egen divisjon i svensk krimlitteratur." Helsingborg Dagblad.

Eg bestemte meg for Ä begynne Ä lese bÞker av denne forfattaren fordi eg sÄg han pÄ Skavlan, og forstod dÄ at eg hadde gÄtt glipp av noko.

No synest eg det er vanskeleg Ă„ skrive noko om romanen.  For det fĂžrste har eg brukt lang tid pĂ„ den, og for det andre sĂ„ begynte eg midt inne i ein serie.  Persongalleriet vart noko vanskeleg for meg.

At forfattaren skriv godt og har stor innsikt i det han skriv om, er det ingen tvil om.  Han har ein slik skarp penn som eg liker.  SĂ„ eg fĂ„r sjĂ„ om eg ikkje skal prĂžve meg pĂ„ fleire romanar etter kvart.  Eg har eit par liggande.

lĂžrdag 29. desember 2012

Solveigs Smash-is - steg for steg

Til konfirmasjonen i Ă„r fekk eg ei nydeleg kake, nemleg ei Smash-iskake. I dag har eg ikkje laga nĂžttebotnen, berre isen, for eg har tenkt Ă„ servere den med kransekake attĂ„t.  Som de veit, liker eg ikkje Ă„ lage smĂ„ porsjonar, sĂ„ eg laga av ein stor pakke flĂžyte.  Oppskrifta er laga med utgangspunkt i ei dajmiskakeoppskrift.
 Du treng:
7 1/2 dl kremflĂžyte

2 dl sukker
8 eggeplommer

1 ms pulverkaffi+2-3 ms kokande vatn

1 pk knust Smash

 Start med Ă„ koke pulverkaffi.
Kle 2 former 1 1/2 l med plasfolie.  Plastremsa mĂ„ vere sĂ„ lang at du kan dekke isen oppĂ„ ogsĂ„.

 Knus Smashen.  Her kan du bruke plastpose og kjevle.
Skil egga.  Eg tok vare pĂ„ 4 eggekvitar i to glas.  DĂ„ kan eg lage marengsbotnar til nyttĂ„r om eg vil.
Pisk kremen mjuk, litt mindre stiv enn til blautkake.  Eg har bĂ„de plast- og stĂ„lbolle og to vispar.
 Pisk eggedosis av eggeplommer og sukker.  Her mĂ„ du ha heilt rein reiskap.
Bland ingrediensane forsiktig saman.  Bruk slikkepott!
Fordel massen i formene.  Dekk med plastikk.  Set formene i frysaren.  NĂ„r du tek isen opp frĂ„ frysaren, er det lett Ă„ gjerne plasten.

Ha isen pĂ„ eit fint fat.  Pynt gjerne med friske bringebĂŠr og eventuelt Smashsjokolade.

fredag 28. desember 2012

Skappelgenseren ferdig!

Med god hjelp av mora si, har frĂžkna no fĂ„tt ferdig Skappelgenseren sin. E la opp 6 fĂŠrre masker pĂ„ fram- og bakstykket og 4 fĂŠrre pĂ„ ermane.  Eg har sett at mange mĂ„ brette opp ermane, for genseren sig litt.  SĂ„ eg felte av etter 40 riller. BĂ„de mor og dotter er godt nĂžgde med resultatet.  Av restegarnet kunne eg tenkt meg Ă„ strikke ein hals i to rette og to vrange.  Ho er ikkje overtydd.

Systera mi har vunne ein strikkepakke. Medan eg ventar pĂ„ den, har eg gjeve meg i kast med eit par lestar i eit garn eg fekk i Hobbyklubben.  Akkurat no stĂ„r eg fast ved hĂŠlfellinga.  Det er over 20 Ă„r sidan eg sist strikka eit par lestar. Hovudprinsippet forstĂ„r eg, men er usikker pĂ„ kvar det skal vere rett eller vridd saman.  Eg har 26 masker.  Skal eg dĂ„ strikke 13, 2 (rett/vridd) saman, snu, strikke 1 og 2 (vrange/vridd vrange) saman etc?

Eg lÊrte ein annan mÄte pÄ lÊrarskulen, men det er denne metoden som eg lÊrte dÄ eg gjekk pÄ barneskulen som eg trudde eg kunne.






torsdag 27. desember 2012

Kvardag att

I dag er det bĂ„de dagen-der-pĂ„ og dagen-fĂžr-dagen her i huset.  Etter mange dagar med heller tung mat, serverte eg omnssteikt sei og fiskebollar i kvit saus SĂ„ fekk folk velje om dei ville ete det eine eller det andre - eller begge delar. EtterpĂ„ fekk eg litt avsetnad pĂ„ dessertar og kaker.  Det er greitt Ă„ fĂ„ oppete det ein har fĂžr ein lagar nytt.

No for faren og frĂžkna pĂ„ julefest utan meg. Dei fekk med seg ei korg med skillingsbollar. Eg er verst forkjĂžla om morgonen.  Heldigvis har vi hatt nokre reklamefrie dagar som gjer at ein fĂ„r sett sykjene sine i perspektiv.  Ein fĂ„r tole ei veke i ro kvart tiĂ„r.

I morgon brakar det laus med Grendacup.  Eldstemann er med og arrangerer.  Gutane spelar pĂ„ same lag som vanleg.  Systera er sjĂžlvsagt i ei anna klasse.

I dag dekte eg og pÄ med lys og serviettar eg fekk til jul.

Sonjas vottar og hue

NĂ„r jula nĂŠrmar seg, skulle ein Ăžnske ein hadde strikka, baka og sylta, slik at ein kunne gi vekk julegĂ„ver med personleg preg.  Slik vart det ikkje i Ă„r heller...
Men siste veka fĂžr jul fekk eg sjĂ„ ein kollega sitte med Allers nr. 59.  Der var det oppskrift pĂ„ Sonja frĂ„ Reisen til julestjernen si hue og vottar. Det er islandsk design og norsk ull, stod der.  Eg heiv meg rundt og strikka hua.  PĂ„ pinnar nummer 9 gjekk det raskt.  Hua vart pakka inn, men vottane var ikkje ferdige dĂ„ vi bytta gĂ„ver. Eg rekna med mottakaren forstod det eg skreiv pĂ„ kortet om at ikkje heile gĂ„va vart ferdig til jul.  Med tre trĂ„dar Easy pĂ„ pinnane vart vottane utruleg tjukke og gode.

onsdag 26. desember 2012

2. juledag

 I dag har vi, tradisjonen tru, vore samla hos foreldra mine.  Som vanleg har det vore mykje god mat og triveleg selskap.  Eg har vore litt slĂžv med fotograferinga, men det kan hende det kjem fleire bilde pĂ„ andre bloggar.

Baksten over var etter Gunda si oppskrift (s. 107 i Smalhans)
Ikkje eit selskap utan kransekakehumor!

- Hva er ditt fulle navn?
- Jeg heter det samme enten jeg er edru eller full!

Byggrynskrem

I Ă„r bytte eg ut risgrauten pĂ„ julaftan med byggraut.  Risgraut lagar vi ofte av risrestar, sĂ„ det er ikkje sĂ„ sjeldan kost lenger. I "gamle dagar" dĂ„ ein levde pĂ„ graut i Noreg, var ris sjeldan vare.  No er det vĂ„rt eige korn vi bruker sjeldnast.  Det burde det nok verte ei endring pĂ„, men det fĂ„r vi ta att i januar.
Byggynsgraut
Eg kokte graut av ein pakke byggryn. Det stĂ„r gjerne ei oppskrift pĂ„ pakken.  Eg fylte vasskokaren med vatn og helte kokande vatn pĂ„ gryna.  Byggryna fekk ligge over natta, men nĂ„r ein skĂ„ldar dei, kan ein nok kutte ned pĂ„ blĂžytetida.

Gryna hadde tatt til seg alt vatnet.  Ved frukosttider hadde eg fĂžrst i ein liter H-mjĂžlk og sette plata pĂ„ lav temperatur.  Eg etterfylte med meir mjĂžlk.  Det gjekk med ca 2 1/2 l mjĂžlk.  Ved slik seinkoking svir ikkje grauten i botnen, og ein slepp Ă„ passe sĂ„ nĂžye pĂ„.  Smak til med ca 1 ts salt og kanskje 1-2 ms sukker.  Eg meiner ein sparer pĂ„ sukkeret om ein har litt sukker i sjĂžlve grauten, men her fĂ„r folk gjere som dei vil.

Viss de vil ha ei lita opskrift, sjĂ„ her.

Byggrynskrem
1 pk kremflĂžyte
2-3 ms sukker

ca 7 1/2 dl byggrynsgraut
mandeldropar eller vaniljesukker

Pisk kremflĂžyten med sukker.  Bland inn graut.  Bruk slikkepott! (Denne formaninga kjem frĂ„ skulekjĂžkenet ...) Smak til med mandeldropar eller vaniljesukker.  Eg veit nokon liker romdropar ogsĂ„.  Det finst sikkert meir eksklusive saker ein kan ha i og.

Server med raud saus.



tirsdag 25. desember 2012

Kjensla av 1. juledag

 1. juledag er vel den dagen ein med godt samvit kan sette seg ned og nyte julegĂ„vene.  Dei fleste har vel fĂ„tt gode bĂžker eller filmar.  Blogglesarane fĂ„r ikkje sjĂ„ alle julegĂ„vene mine i dag, men eg kan rĂžpe at eg har fĂ„tt serviettane av ei god venninne ...
 .. ein av sĂžnene hadde kjĂžpt dette loket som gjer at maten ikkje kokar over.
Desse gryteklutane er handstrikka i Kina etter design av Arne og Carlos.  Dei fĂžlgde med eit pannesett eg kjĂžpte pĂ„ Jernia for pengar eg har fĂ„tt.

1.juledag arbeider vaskemaskina med nye sengekle og handdukar.  Eg synest Ă„ hugse at dĂ„ eg var lita, fekk eg alltid ny nattkjole og nye vottar til jul.  1. juledag fekk vi hĂžyre at ein i gamle dagar mĂ„tte vere inne.  SĂ„ gjekk vi ut og leika i snĂžen og hĂ„pte pĂ„ at naboungane skulle kome ut.  For ringe pĂ„ fekk vi ikkje lov til den dagen.

mandag 24. desember 2012

God jul!

Her i huset vert jula feira etter same prosedyre som dei siste Ă„ra.  Vi vert Ă„tte til bords med foreldra mine.  Eg trur bordet er dekka heilt etter Besta sin smak.  Ho har vel kjĂžpt alt, berre ikkje serviettane. Resten av familien er i kyrkja.  SjĂžlv nys og hostar eg slik at eg ikkje vil utsette meg sjĂžlv eller andre for det.

Eg vil Ăžnskje alle blogglesarane ei riktig god jul!

sĂžndag 23. desember 2012

Sjuk til jul?

 Det slĂ„r aldri feil, ein eller annan i familien vert sjuk til jul.  Og er ingen sjuke, er det nokon som skjer seg eller skadar seg pĂ„ annan mĂ„te.  Men det plar aldri vere eg. Eg har ikkje vore skikkeleg sjuk sidan milleniumskiftet.  DĂ„ lĂ„g eg pĂ„ sofaen med influensa og sĂ„g det nye tusenĂ„ret starte i land for land.  Snille naboar tok med seg dei to eldste pĂ„ nyttĂ„rsfeiring.  SĂ„ lĂ„g mannen og eg i kvar sin ende av bogesofaen.

I gĂ„r natt vakna eg etter ein halv time med tett hals.  Noko sĂŠrleg meir sĂžvn vart det ikkje.  Eg stod opp tidleg, for eg var lei av Ă„ ligge vaken.  Etter Ă„ ha vaska, handla og laga middag, vart eg sittande under eit pledd Ă„ fryse til eg kunne legge meg.  Berre eitt av to kan skje, ein vert friskare eller sjukare.  Heldigvis har eg vore betre i dag, sjĂžlv om eg framleis er forkjĂžla.  Men det gĂ„r rette vegen. Ei forkjĂžling mĂ„ ein rekne med innimellom.

ForkjĂžlinga kom studenten heim med, trur vi.  Broren var heime frĂ„ skulen ei veke.  Til slutt mĂ„tte han til med penicillin.
I dag tok eg ned koppar og fat frÄ pyntehylla, sÄ fÄr ein vaske hylla med grÞnsÄpe til jul.

DĂ„ vil eg Ăžnskje blogglesarane som kikar innom ei riktig god jul!

lĂžrdag 22. desember 2012

GÄvekort

Eg var sĂ„ heldig Ă„ fĂ„ eit gĂ„vekort pĂ„ Hjerteromet.  Der tok eg meg ut ei korg som eg kan ha stĂ„ande ved sida av stolen min med strikketĂžy i.  Tesilen er bĂ„de fin og praktisk.

fredag 21. desember 2012

Siste innspurt

Jula handlar om tradisjonar.  Slik er det ogsĂ„ pĂ„ jobb. I gĂ„r arrangerte tiandeklassingane juleball.  FrĂžkna var i pyntekomiteen.  Dei valde Ă„ pynte med raudt i Ă„r.
I dag har vi hatt kos og leikar pĂ„ klasserommet, vore i kyrkja, gĂ„tt gundt juletreet og hatt samlingsstund.  Etter at elevane har gĂ„tt heim, har lĂŠrarane og pensjonistane triveleg julelunsj og kaffi.

Det har vore mykje snakk om at verda skal gÄ under. Det har vi hÞyrt fÞr og vorte trÞysta med at ingen kjenner dagen og ingen kjenner timen - fritt etter Bibelen. Eg hÄper at media ikkje greier Ä skremme for mange born!

Vel heime var det ein som ville pĂ„ julegĂ„vehandel i byen.  I morgon mĂ„ eg fĂ„ fred til Ă„ gjere noko heime!

Bildet Þvst er frÄ i gÄr.

torsdag 20. desember 2012

VĂžrterbrĂžd i brĂždbakemaskin

Eg trur det er slik med vĂžrterbrĂžd, at anten liker du det svĂŠrt godt, eller sĂ„ et du det ikkje.  Her i huset forsvinn eit vĂžrterbrĂžd pĂ„ ein blunk.  Eg fekk beskjed om at eg treng ikkje lage det, berre lĂŠre dei det. SĂ„ no fĂ„r eg berre legge ut ei oppskrift og kjĂžpe inn ingrediensane! Kanskje andre brĂždbakemaskineigarar hiv seg pĂ„.

Oppskrifta er den vi alltid har brukt, men eg har tilpassa den til brĂždbakemaskin d.v.s. eg har litt mindre rug og meir kveite, og sĂ„ har eg hatt i eit egg.  Det kan sjĂžlvsagt slĂžyfast.  Sirup er lettare Ă„ vege enn Ă„ mĂ„le synest eg. 
1 flaske vĂžrterĂžl, lunke
100 g mĂžrk sirup
50 g smelta margarin/smĂžr
300 g sikta kveitemjĂžl
300 g sikta rugmjĂžl
1 egg
1/2 ts salt
1/2 ts anis, malen
1/2 ts allehande
2 ts tĂžrrgjĂŠr

1 pk rosiner

Ha alle ingrediensane unnateke rosinene i brĂždbakemaskina.  Bruk program for stort sĂžtt brĂžd (5 pĂ„ mi maskin).  Ha i rosinene mot slutten av knainga.  (Mi maskin pip nĂ„r det hĂžver.)
Er Ăžl lunken eller lunke?
Sist eg las ei nynorskbok irriterte eg meg over snakk om Ăžlen heile tida.  Det heiter vel Ăžlet? I utdrag frĂ„ ordlista under ser ein at ein skil mellom ein Ăžl, som er ei oppmĂ„lt mengde, og drikken Ăžl.



II Ăžl m1

(av III Ăžl) flaske (glas, seidel og liknande) med Ăžl (III)
ta seg ein Ăžl/ det er godt med ein Ăžl i varmen / to Ăžl, takk



III Ăžl n1

(norr ?l)alkoholhaldig drikk laga av vatn, malt, humle og gjĂŠr; i ordtak:
nÄr Þlet gÄr inn, gÄr vitet ut

NÄr det er sagt, sÄ er det vel betre Ä seie at vÊske skal vere fingervarm slik eg skreiv i gÄr ...

onsdag 19. desember 2012

Grovbakstrundstykke (48 stk)

Dette er ogsĂ„ ei oppskrift pĂ„ lettvinte rundstykke.  Dei kan sjĂžlvsagt bakast utan egg. (Fine rundstykke finn du oppskrift pĂ„ her.) 
1,25 l mjĂžlk, fingervarm
2 pk gjĂŠr
2 egg
1 ms salt
1 ms sukker
100 g smelta/flytande margarin eller smĂžr
2 kg grovbakstmjĂžl (eller lag di eiga blanding)

1. Ha alle ingrediensane i ei stor kjĂžkenmaskin (Kenwood major) Kna deigen 10-20 minutt.
2. Lat deigen heve opp til kanten.
3. Trill glatte, fine rundstykke.  Kvart emne veg ca 80 g.
4. Hev rundstykka ca 30 minutt.
    SmĂžr ev. med egg og dryss pĂ„ solsikkekjernar/sesamfrĂž/valmuefrĂž/...
5. Steik rundstykka pÄ 225 grader 12-15 minutt.

tirsdag 18. desember 2012

FrÄ barnerom til ungdomsavdeling

 Det er berre nokre dagar til det er 20 Ă„r sidan vi flytta inn i nytt hus.  No mĂ„ det pussast opp rom for rom.  Dette rommet var barnerommet til dei to eldste.  DĂ„ var to vegger Sesam Stasjon-blĂ„ og to vegger hadde furupanel.  Gardiner og sengetĂžy hadde Sesam Stasjon mĂžnster.  Blogglesarane som ikkje har vore her, fĂ„r berre sjĂ„ det fĂžre seg.  No er det kvitt som gjeld.  Ja, vi har andre vegger i huset som sĂ„ vidt vart malte om frĂ„ kvitt til mĂžrkegrĂžne i si tid.  DĂ„ var kvitt "sjukehusfarge".  Dette rommet har minst dagslys av alle romma i huset, sĂ„ det gjorde seg med dei lyse strĂžka.
 FĂžrste nyinvesteringa var ein Smart-TV.  Mors Blue-ray har og kome ned.  Hylla til hĂžgre skal fyllast med DVD-ar, brettspel og bĂžker.  Senga skal ut og ein sovesofa og eit nytt bord  inn, har dei bestemt.

Rommet er ein suksess hittil.  I staden for Ă„ sitte pĂ„ kvar sitt rom, samlar ungdommane seg her.Ein skal og kunne ta imot besĂžk av vener pĂ„ eit ryddig rom.
Eg kjĂžpte noko "stĂŠsj" for ein billeg penge pĂ„ Kid og Prinsess. Badet ved sida av fekk handdukar i same stil. "Sei meg, kjĂžper du berre halv pris?" fekk eg hĂžyre.  "Eg er usikker pĂ„ om det er eg som kjĂžper for halv pris eller dei som kjĂžper fĂžr 12. desember som kjĂžper for dobbel pris" er mitt svar.

mandag 17. desember 2012

Fine rundstykke (48 stk)

Vanlegvis bruker eg ikkje egg i baksten som skal seljast i kantina.  Det hender der er elevar som ikkje toler det.   I Ă„r trur eg det gĂ„r bra. Eg passa pĂ„ Ă„ smĂžrje dei med egg ogsĂ„. Om nokon fĂ„r lyst Ă„ bake dei heime, sĂ„ kan dei fĂ„ oppskrifta her!
1,25 l mjĂžlk, fingervarm
2 pk gjĂŠr
2 egg
1 ms salt
1 ms sukker
100 g smelta/flytande margarin eller smĂžr
2 kg kveitemjĂžl

1. Ha alle ingrediensane i ei stor kjĂžkenmaskin (Kenwood major) Kna deigen 10-20 minutt.
2. Lat deigen heve opp til kanten.
3. Trill glatte, fine rundstykke.  Kvart emne veg ca 80 g.
4. Hev rundstykka ca 30 minutt.
    SmĂžr ev. med egg og dryss pĂ„ sesamfrĂž/valmuefrĂž/...
5. Steik rundstykka pÄ 225 grader 12-15 minutt.

sĂžndag 16. desember 2012

3. sĂžndag i advent

Det er mykje ein burde ha gjort i dag.  For meg er hoveddilemmaet husarbeid eller skulearbeid.  Derfor vert det litt av kvart.  I Ă„r har eg to todelte tentamensbunkar Ă„ knekke.  Dei skal ikkje leverast ut fĂžr jul, sĂ„ eg kan utsetje dei til romjula eller nyttĂ„rshelga.

Mange andre har ikkje noko val. Dei mĂ„ jobbe mykje ekstra fĂžr jul.  Viss folk hadde vit Ă„ halde seg heime i dag, sĂ„ vart kanskje kjĂžpesentera stengde sĂžndagane neste Ă„r? Nei, eg trur ikkje pĂ„ julenissen.  Men eg synest det er synd at jula vert opp i ein stor kjĂžpefest.

Folk flest har vel halv skatt i desember og  dermed litt Ă„ handle for. I Oslo sag eg at sosialklientane 800 kroner ekstra til jul.  Det er kanskje det andre familiar kjĂžper adventskalendrar for, altsĂ„ gĂ„ver fĂžr jul.
I gÄr la eg til ein ny funksjon i bloggen: "SÞk i denne bloggen." Der kan ein til dÞmes sÞke etter oppskrifter om ein vil.

Bok 57: Paganinikontrakten

Ein generaldirektĂžr med ansvar for svensk vĂ„pentransport, vert funnen hengd i heimen sin.  Samtidig vert ei ung kvinne funnen drepen i ein fritidsbĂ„t.  Men er rett kvinne tatt av dage.  SĂžstera hennar og mannen vert jaga rundt pĂ„ ei Ăžy av ein sĂ„kalla problemlĂžysar, altsĂ„ ein profesjonell leigemordar.

Tittelen Paganinikontrakten spelar Ä inngÄ ein kontrakt med djevelen, noko personar i boka vert tvinga til. Men kven er djevelen? Og kva driv han med?

Eg likte denne krimboka som actionkrim. Politisk krim er i utgangspunktet ikkje den type krim eg liker best, skal eg innrĂžmme.

 Det vil ikkje forundre meg om denne ogsĂ„ vert filma. Terningkast 5 frĂ„ meg.

lĂžrdag 15. desember 2012

Mor Monsen

For meg er Mor Monsen ei julekake.  Og den er svĂŠrt populĂŠr i heimen. Oppskrifta fann eg i ei gammal Samvirkebok.  Eg ser at ho er  godt brukt pĂ„ den sida.  Oppskrifta er dobla, berre ikkje pynten.  Det vart fransk smĂžr i Ă„r, og Ăžkologiske sitronar.

Det er ikkje sĂ„ mykje arbeid Ă„ lage kaka, men det tek tid Ă„ rĂžre smĂžr og sukker.  Ein mĂ„ og rĂžre godt   mellom kvart egg.  Eg bruker Ă„ knekke egga opp i eit litermĂ„l, og sĂ„ heller eg eitt og eitt egg i etter kvart.
500 g smĂžr
500 g sukker

10-12 egg (mine var smÄ, sÄ eg tok 12)

rive skal av to sitronar (berre det gule)
600 g kveitemjĂžl
2 ts bakepulver

"Pynt"
75 g korintar
75 g hakka mandlar
2 ms perlesukker

1. RĂžr smĂžr og sukker kvitt i ei stor kjĂžkenmaskin.
2. Ha i egga - eitt om gongen.
3. Ha i sitronskal og sikt pÄ mjÞl blanda med bakepulver.
4. Ha rĂžra i ei bakepapirkledd langpanne.
(Gjerne den som hĂžyrer til komfyren.)
5. Dryss over korintar, mandlar og sukker.
6. Steik kaka ved 200 grader ca 30 minutt.
(Eg set den pÄ nedste rilla:)

I si tid har dette sikkert vore ei luksuskake.  Ho inneheld rikeleg med egg.  Ho er ikkje spedd med mjĂžlk som andre formkaker.  Korintar og mandlar var vel heller ikkje slikt som ein flotta seg med til dagleg.  



fredag 14. desember 2012

Pakke, pakke ...

 I dag har vi tenkt oss pĂ„ juleballkjolehandel i nĂŠraste bygd.  Ho som ville dit, mĂ„tte pakke inn gĂ„ver som skal dit.  Nokre pakkar vart pakka inn under mottoet "Ein fĂ„r ikkje meir moro enn ein lagar sjĂžlv".
Det vert sikkert nok glansa papir under juletreet.  GrĂ„papir kan ein fyre med, og til "gĂ„velappar" kan ein bruke sĂ„ mangt.  Kanskje dei raude slĂžyfebanda kan brukast om att?

torsdag 13. desember 2012

Reingjering

Eg har ein teori om at ein treng berre nokre fĂ„ reingjeringsmiddel som grĂžnsĂ„pe, zalo, Jif skurekrem og eitt for vindauge og speil.  Alt anna er stort sett "husefyll". SĂ„ var eg innom ein blogg som anbefalte dette middelet for vansklege flekkar pĂ„ badet.

Eg sette i gang med reingjering av dusjkabinettet.  I staden for Ă„ gĂ„ laus med ein gammal oppvaskkost og Jif skurekrem, spraya eg med Cillit Bang.  Etter 10 minutt tĂžrka eg vekk skiten med ein klut.  Men kva ser eg?  Striper i golvbelegget inne i dusjen?  Vedundermiddelet har no gjort at den opprinnelege fargen har kome tilbake.  Litt skuring mĂ„tte til pĂ„ dei vanskelegaste flekkane.  Men middelet var verdt femtilappen!

onsdag 12. desember 2012

12.12.12

I dag har vi hatt besĂžk av svogeren min.  Han fekk med seg julegĂ„ver til slekta nord i fylket.  Den nydelege julestjerna vi fekk inspirerte meg til Ă„ ta fram litt raudt i dag.

FrĂžkna kom heim med eit formingsprodukt.  Det skulle vere ein nyttegjenstand.  Eg tenkte kanskje det var eit pizzafat som ein kan snurre rundt, eller kanskje eit ostefat.  Ho lurte pĂ„ om ho skulle gi det vekk til jul, men eg rĂ„dde henne til Ă„ behalde det sjĂžlv.

Eg fann, eg fann!

Kvar fann eg? Jau, i gĂ„r fann eg korintar hĂžgt oppe i hyllene pĂ„ Prix Hareid.  Dei var ikkje prisa, men eg meiner der stod 17,90 for 100 g korintar, medan frukt- og bĂŠrblansinga kosta 27, 90 for 150 g.  Det siste produktet er eit dĂžme pĂ„ slikt som dett ned i handlekorga mi.  Blogglesarane mĂ„ gjerne kome med forslag til bruksmĂ„te.  Viss ikkje, kan eg vel lage mi eiga frukostblanding eller topping til yoghurt.

tirsdag 11. desember 2012

Lussekattar

Det er snart tid for lussekattar.  Vi har baka i store mengder pĂ„ skulekjĂžkenet.  Eg bruker Ă„ lage deigar, og sĂ„ bakar elevane dei ut. Oppskrifta under passar i ei stor kjĂžkenmaskin.  Eg har tipassa oppskriftene mine til 2 kg kveitemjĂžl.

NB! Ein kan ha i smĂžret pĂ„ to mĂ„tar. Ein kan smelte det eller kna det inn til slutt.  DĂ„ mĂ„ det vere mjukt.
2 pk raud gjÊr (BlÄ kan brukast, men dÄ vert hevinga litt dÄrlegare.)
1, 25 l mjĂžlk, ca 37 grader (Litt varmare om du brukar tĂžrrgjĂŠr.)
2 1/2 dl sukker
2 kg kveitemjĂžl
1 ms gurkemeie (Safran kan sjÞlvsagt brukast om ein har rÄd.)
250 g smĂžr, mjukt eller smelta

Ha ingrediensane i kjĂžkenmaskina, kanskje unnateke smĂžret.
RĂžr i 15 minutt.
Set til heving, ca 30 minutt.
Form lussekattar.  PĂ„ skulen veg vi emna til 70 g.
Hev ca 30 minutt.
Steik ved 220 grader i ca. 10 minutt.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...